Vellukka ÅLEK

Tekst: Erik Haugros

Stemna gjekk føre seg 16.- 21. juli i Mariehamn på Åland. Dette var første gongen at ei tilskiping innafor Nordleik var lagt dit.

NORDLEK vert halden kvart tredje år og går på omgang mellom landa Danmark, Sverige, Finland og Noreg. Dei sjølvstyrde områda/ landa har tilskipingar etter eige plan, som Havleik, Isleik og Grønleik. I år var det Åland sin tur.

Frå Noreg reiste tre lag, BUL Molde, Sølja på Hamar og Symra frå Oslo, på ÅLEK. Berre tre andre utanom desse laga nytta seg av høvet da det vart ope for å få med fleire frå kvart land. På slike stemne er det eit avgrensa antal som kan delta. Noreg hadde 55 deltakarar, og av desse var det 4 musikarar. Danmark hadde lagt sitt eige stemne i same uka, så derfor kom det berre to derifrå. Fire frå Grønland meldte seg på like før stemna. Til saman vart vi vel 250.

Det var ungdomsleir eit par dagar føre stemna med deltakarar frå Island, Færøyane og Åland. Det er eit tankekors at Noreg og dei andre landa ikkje var med her?

På opninga av ÅLEK framførte ungdomana på ungdomsleiren eit morosamt og fartsfylt program. 

 

Meir om turen til ÅLEK får du lese i medlemsbladet Ungdom som kjem ut i slutten av september.

Mottek du ikkje Ungdom? Gå inn i Hypersys og huk av for at du ynskjer å motta bladet.