Velkommen til landsrådsmøte i Bodø 22.-23. oktober

Landsrådsmøtet er fylkeslagsleiarane sin møtestad med styret i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet oppmoda i vår styret om å legge fleire landsrådmøte utanfor Oslo, og det er derfor lagt til Thon Hotel Nordlys i Bodø. 
 
Tema for møtet i år, vert mellom anna restart av organisasjonen etter pandemien, oppfølging av langtidsplanen og rolla som spesialistorganisasjon i UNESCO. Det vil også vere god tid for fylka til å ta opp eigne saker. Møtet startar laurdag 22. oktober kl 10.00, og vert avslutta med lunsj søndag kl. 13.30.  

Heile programmet med informasjon finn du her:

Program for Landsrådsmøtet 22.-23. oktober i Bodø 
 
Nordland Ungdomslag arrangerer lokallagssamling denne helga, og Noreg Ungdomslag vil i tillegg invitere lag som ikkje er medlemmar til å delta på denne samlinga, for å få informasjon om eventuelt medlemskap. Noko av programmet vil vere felles med Landsrådet.
 
Laurdag kveld arrangerer Bodø Folkedanslag sosialt samvær med dans, kaffi og kaker på Aspåsen skole. Ungdomsringen Salten skal ha samling den helga og BUL Bodø forsøker å arrangere helgekurs for folkemusikkungdom og teaterungdom. Samlinga vert felles for all ungdomslagsaktivitet denne helga.
 
Påmelding innan 12. oktober. 

Her er lenke til påmelding:
Påmeldingsskjema Landrådsmøte 2022
 
Ved spørsmål, ta kontakt med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum på epost magni@ungdomslag.no eller tlf 93422756.