Vel gjennomført kurshelg

21 kursdeltakarar møtte opp til instruktørkurs i runddansrytmar på Sentralen i Oslo helga 26.-27. februar. Det var første gong på lange tider at vi har hatt lov og høve til å arrangere eit fysisk dansekurs, og både arrangørar og deltakarar gledde seg stort før kurset, og har gitt tilbakemeldingar om at dei er storfornøgde etter at kurset var fullført. 

Men alt skulle ikkje gå heilt knirkefritt i forkant av kurset. Veka før kurset fekk kurshaldaren vår, Siri Mæland, korona, og vi måtte hive oss rundt for å finne ein annan instruktør. Stian Roland var redninga vår, og tok oppdraget på strak arm. 

To musikarar spelte opp til dans

Vår dyktige kurs-musikar Einar Olav Larsen kom frå Verdal til hovudstaden for å spele opp til runddans. Laurdagen spelte han stødig til dansande kursdeltakarar (eit lite glimt av musikken her), men søndag vakna òg han opp til dårleg form, og Hilde Fjerdingøy var sporty og troppa opp med toradaren sin tidleg ein søndag morgon.

Det skal altså mykje til for å stoppe eit dansekurs når vi har måtta vente i to år på å møtast fysisk og danse i lag!

Godt med sosialt og fagleg påfyll

Deltakarane var frå 14 til 75 år, og for mange var kurset det første dansearrangementet dei hadde vore med på på fleire år. Arrangør frå NU, Solveig Brekke Hauknes, fortel at folk er sveltefôra på både dans, fagleg påfyll, inspirasjon og sosiale møteplassar.

– Det vart veldig bra, deltakarane vart utruleg glade og engasjerte, fortel Hauknes, som sjølv deltok på helga.

Mange av deltakarane fortalde at dei var veldig glade for å kunne samlast igjen på same vis som før. Vi håper at dette berre er starten på ein rik, sosial og lærerik kursaktivitet etter ei tam koronatid.

Kommande kurs

No ser vi fram til neste instruktørkurs i dans som blir helga 14.-15. mai i samband med ei stor dansehelg på Riksscenen i Oslo. Då skal vi saman med Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg feire Bygda Dansar sine 20 år med dansefest, seminar, debatt, utstilling, konsert og mykje meir. NU bidreg med instruktørkurs med fokus på ungdommar, korleis instruere for denne målgruppa og korleis jobbe med å rekruttere og ivareta denne gruppa. I tillegg bidreg FolkOrg med dommarkurs. Meir info om helga kan du følge med på mellom anna her.

Til hausten planlegg vi for kurs som skal leggast lengre vest og nord i landet med generelt instruktørkurs og meir fokus på barn. Meir info om dette kjem.