Vederlagsavgift til Gramo

I overgangen november/desember fekk 57 lag i NU tilsendt ein faktura merka Gramo. Det har kome ein del spørsmål om kva dette gjeld, difor kjem litt meir informasjon om kvifor nokre lag har fått denne fakturaen.  

Det er sendt ut informasjonsbrev til alle laga det gjeld.

Trykk her for å laste ned informasjonsbrevet.

 

Kort oppsummert:

Gramo er ein non-profit-organisasjon som er til for at artistar, musikarar og mastereigarar skal få betalt når musikken deira vert nytta. Vederlaget som kjem inn til Gramo frå brukarar av musikken (altså frå dykk) vert fordelt ut til artistar og eigarane av musikken. Dersom ein nyttar musikk som er høyrbar for sine kundar eller gjestar, skal ein følge norsk lov betale til dei som eig musikken. Bestemmelsane står i åndsverklovens § 21 og lovens forskrifter. Kulturdepartementet har autorisert Gramo til å krevje inn og fordele pengane (vederlaget) på vegner av musikarane, artistane og plateselskapa.  

Det vart i 2018 inngått ei avtale mellom Gramo og NU om bruk av innspelt musikk nytta av danselaga våre på danseøvingar og andre tilskipingar. Sidan NU har ei samleavtale med Gramo får laga 15% rabatt på vederlagsavgifta. Rapportering for bruk av innspelt musikk skjer gjennom eit spørsmål i årsrapporten til NU, og faktureringa skjer difor etterskotsvis.

For laga i NU kan innspelt musikk t.d. gjelde musikk spelt via CD, kassett, Spotify, Tidal, iTunes eller liknande som de nyttar til dansekveldar, øvingar, kurs, framsyningar og andre stader der dykkar medlemmer og gjester høyrer musikken. Sjølv om de allereie har betalt for CD-plata i butikken, abonnementet på Spotify eller albumet de lasta ned frå iTunes må de likevel betale til Gramo for at eigarane av musikken skal få betalt for at musikken vert nytta for eit større publikum enn deg sjølv heime i stova.  

NU vart fakturert for fyrste gong i 2018, på grunnlag av året 2017. Dette fyrste året betalte NU heile kostnaden for alle dei 57 laga som rapporterte på bruk av innspelt musikk. Dette vart gjort sidan avtala vart inngått før ein fekk tid til å informere ut til laga. I 2019 må difor laga betale avgifta sjølve, og ein må rekne med å betale avgifta for dei komande åra dersom ein nyttar innspelt musikk.


Her finn du også meir informasjon om avtala (trykk her).