Vårt høyringssvar om Meld. St. 18 (2020-2021)

"Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape dele — Kunst og kultur for, for med og av barn og unge"  er den lange, fjonge tittelen på den nylanserte stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur. Med denne meldinga presenterer regjeringa for første gongen barne- og ungdomskulturfeltet som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå.

Noregs Ungdomslag (NU) er veldig glade for at det no har kome ei barne- og ungdomskulturmelding. Det står mykje bra i meldinga som vil vere med å styrke arbeidet for born og unge. Dessverre det står forsvinnande lite om kulturfrivilligheita som trass alt er ein svært viktig aktør på dette feltet.  Her er vårt høyringsinnspel som vart sendt inn til Kulturdepartementet 14. april: 

Anerkjenning av kulturfrivilligheita 

Dei frivillige kulturorganisasjonane står for store delar av kulturaktiviteten retta mot born og unge i lokalmiljøa. NU meiner at meldinga burde ha vore tydelegare på viktigheita av dei frivillige kulturorganisasjonane som tilbydarar av barne- og ungdomsaktivitetar for danning, læring, meistring og utvikling. Meldinga burde også i større grad ha drøfta i kva grad dagens rammevilkår medverkar til å støtte og skape sterke frivillige kulturorganisasjonar. Frifond er nemnt, men vi etterlyser også momskompensasjon, vaksenopplæringsmidlar, spelemidlar og eventuelle andre ordningar som treff breitt.  Gode rammevilkår er viktig fordi mange barn og ung ofte nytta den lokale kulturfrivilligheita som utgangspunkt for deltaking, samt å initiere og organisere eigen kulturverksemd. På vegner av lokallaga våre ønskjer vi enkle, føreseielege ordningar som gir låge skuldrar og høgt aktivitetsnivå. 

Barn og unge i generasjonsorganisasjonar

NU er ein generasjonsorganisasjon. Det vil seie at vi utgjer eit fellesskap av unge og gamle som finn glede i å drive med kulturaktivitetar og dra vekslar på kvarandre. Somme stader organiserer dei unge seg sjølve, medan andre stader driv dei saman med vaksne eller seniorar. At vi som organisasjon ikkje legg føringar for dei lokale aktivitetane eller kven som får delta, meiner vi er ein viktig verdi for lokalsamfunna og kulturaktiviteten. Å gjere ting saman og lære av kvarandre, på tvers av generasjonar gir tryggleik samtidig som det utfordrar. Desse organisasjonane er også viktige i å utvikle gode samfunnsborgarar med forståing og respekt for menneske på tvers av alle aldrar. At unge ser korleis dei kan lære av dei eldre, er også med på å utvikle dei til å sjølv bli gode lærarar og førebilete. NU meiner at meldinga ikkje reflekterer kor viktige generasjonsorganisasjonane er for å skape eit breitt og godt tilbod for og med born og unge i heile landet. Generasjonsorganisasjonar er dessutan naudsynte og ekstremt viktige når det gjeld å vidareformidle den immaterielle kulturarven til born og unge. 

Våre 6000 medlemmar under 30 år går glipp av betydelege midlar til aktivitet, fordi NU rommar medlemmar i alle aldrar, og fell dermed utanfor kriteria til Bufdir. Vi synest dette er veldig leit, og synest følgeleg at meldinga burde ha teke opp denne problemstillinga. 

Organisasjonseigde hus

Det er positivt at meldinga set fokus på eigna lokale til kulturfrivilligheita. Meldinga er likevel lite konkret på korleis regjeringa vil legge til rette for vidareutviklinga av gode, eigna lokale for barne- og ungdomskulturfeltet. Det er derfor viktig at ein anerkjenner det arbeidet som ein no gjer for å kartlegge dei organisasjonseigde husa i prosjektet Huset i Bygda (HiB) i meldinga. HiB arbeidar for å løfte fram og synleggjere alle formar for organisasjonseigde kulturbygg, som ungdomshus, bygda/-grendehus, samfunnshus og bedehus, som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. HiB har m.a. satt fokus på det store behovet som dei organisasjonseigde kulturhusa har for friske midlar. Manglande satsing på lokale kulturhus er med på avgrense viktige deler av den frivillige barne- og ungdomskulturen i Noreg, noko som i større grad burde problematiserast i meldinga. Til dømes har tilskot til lokale kulturbygg blitt kutta frå 135 millionar kr i 2013 til om lag 56 millionar kr i 2020. 

Kulturskulane

Det er gledeleg at meldinga i kapittel 8.5 Kulturskolen i lokalsamfunnet løftar fram samarbeid med frivilligheita. I meldinga si vurdering (8.5.7) står det at regjeringa forventar at kulturskulen ser på moglegheiter for å samarbeide lokalt med t.d. frivillige organisasjonar. Ordet forventning er sterkt. Det legg føringar for både kulturskulane og deira samarbeidspartnarar og kven som har ansvar for at samarbeid kjem til. Vi saknar her tydelegare drøfting av kva samarbeid som er relevant mellom kulturskulane og frivilligheita. NU stillar seg undrande til at medan meldinga skriv grundig om samarbeid med barnehage, skule, høgare utdanning og SFO, er ikkje frivilligheita - og det mangfaldet det representerer - gjenstand for same merksemd. Meldinga bør her peike på korleis frivillige aktørar kan vere med å styrke tilbodet og kompetansen i kulturskulen. Vidare bør meldinga understreke at kulturskulane ikkje skal konkurrere ut aktivitetane til frivilligheita, men heller vere eit tillegg til kulturaktivitet som allereie finst i lokalmiljøa. 

Vi støttar også Kulturalliansen sitt innspel.

Les også Huset i bygda sitt innspel her.