UngtDemokrati - send inn din nominasjon!

I 2018 og 2019  gjennomførte Noregs Ungdomslag piloten Ungt Leiarskap med eit knippe unge deltakarar frå ulike lokallag i organisasjonen. Deltakarane som deltok på kursa var enormt nøgde og ga svært gode tilbakemeldingar. Dei opplevde å få ny og styrka motivasjon for å bidra i Noregs Ungdomslag, og veit nå langt meir om korleis dei kan bruke eigen leiarkompetanse for å skape meir aktivitet både lokalt, regionalt og sentralt. Dei har blitt betre kjent med seg sjølve og fått tenkje stort rundt kven dei ønskjer å vere, og har blitt godt kjent med dei andre deltakarane. Noregs Ungdomslag ønskjer å byggje vidare på dette og skape nye eldsjeler, ressurspersonar og nettverk for organisasjonen vår. Derfor gjennomfører vi no ei ny runde, og alt vi treng er deltakarar.


LES MEIR!