Ungt Demokrati 2022 - søk om plass

Er du, eller kjenner du nokon, i alderen 14 – 26 år? Vi har eit fantastisk tilbod til dei som kunne tenkje seg å vere med på eit eksklusivt tilbod med intensiv opplæring i organisasjon, leiing og demokrati, nemleg prosjektet Ungt Demokrati.

Det vil vere tre samlingar i 2022:

  • NU´s landsmøte 22.-24. april i Oslo
  • Sommarleiren 28. juni -3. juli i Trøndelag
  • Arendalsveka i veke 33 i Arendal

 

Vi plukkar ut 20 heldige kandidatar i aldersgruppa som får dekka alt av reise, opphald og kursinnhald av høg kvalitet. Vi er ute etter motiverte sjeler som ønskjer å lære meir om dei frivillige organisasjonane si rolle i demokratiet, og korleis ein sjølv kan vere med å påverke sine interessefelt.

Kurset blir arrangert i samarbeid med stiftinga Fundatum, som held kurs for engasjert ungdom i organisasjonslivet, på folkehøgskuler og i ungdomspolitikken. Tidlegare har dei haldt to kurs for oss, og deltakarane har vore svært fornøgde.

 

“På UngtDemokrati får du lere mykje om deg sjølv og andre. Du får tips om korleis ein kan vere ein god leder og korleis ein organisasjon kan fungere. Instruktørane er veldig dyktige og lærer bort med mykje enusiasme, finurlige øvelser og litt tøys” 

- Nina Byttingsmyr, deltakar i 2019.

«For meg var kurset til Fundatum heilt eineståande. Det eg trudde skulle bli lange timar med notatblokka, vart til eit sterkt, rørande og styrkande møte med meg sjølv og andre.

I notatane mine kan eg lese om kva som er mine gode eigenskapar, kva verdiar som er viktige for meg og kven i livet mitt eg kan støtte meg til. Uansett situasjon kan eg alltid gå tilbake til desse notatane og finne mot og krefter til å stå på vidare.

Kurset til Fundatum gav meg i tillegg ei god innføring i organisasjonsstruktur, leiarskapsfilosofi, og ei djupare forståing for korleis vi mennesker fungerer og korleis vi best kan samarbeide. Kurset gjorde meg bevisst på mine eigne styrkar, men òg styrkane til dei rundt meg.

Dette er lærdom som stadig kjem til nytte, både i jobb, frivilligheit og som medmenneske.»

- Marit Kvamen, deltakar i 2018.

 

Om du ønskjer å delta på Ungt Demokrati 2022, kan du sende inn ein søknad ved å fylle ut skjema som du kjem til ved å trykke her

Søknad sendast innan 27. mars.

 

Har du spørsmål til Ungt Demokrati eller om dette kan vera noko for deg, ta gjerne kontakt med Mona Husby: mona@ungdomslag.no.