Tor Stallvik er tildelt Kongens fortenestemedalje

Vi gratulerer Tor Stallvik med ei velfortent tildeling av Kongens fortenestemedalje.

I fjor vart han heidersmedlem i Noregs Ungdomslag. No er Tor Stallvik tildelt Kongens fortenestemedalje "for sin langvarige, omfattande og gode innsats for frivillig kulturliv, særleg knytt til norsk folkedans og folkemusikk".

– Det er jo ei ære, sjølvsagt. Det har ikkje vore i mine tankar at noko sånt skulle skje. Eg fekk ei overrasking da eg vart heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i fjor. Så det er mykje på ein gong, seier ein takksam Stallvik til oss i NU.

Det var i førre veke at Stallvik fekk ein telefon frå ordføraren i Ørland. Da fekk han vite at han skulle bli tildelt Kongens fortenestemedalje fredag 25. mars på Ørland kultursenter. Fredag overrekte fungerande ordførar i kommunen, Ogne Undertun, medaljen, med både kommunedirektøren tidlegare kollegaer og representantar frå FolkOrg og Noregs Ungdomslag og familie til stades. Siri Mæland og Geir Egil Larsen representerte NU og FolkOrg, og hadde med seg gode ord frå mange år med godt samarbeid for norsk folkedans- og folkemusikk.

Vi har tatt ein prat med Stallvik i høve tildelinga. Heile saka kan du lese her.