Tildeling av momskompensasjon

På slutten av fjoråret, 2021, betalte vi ut til saman 3 702 822,- i momskompensasjon til lokal-og fylkeslag.

Momskompensasjonen som blir utbetalt blir rekna ut på følgjande måte: Grunnlaget er laget sine driftskostnader i 2020, etter at laget har gjort sine avkortingar. Etter dette er det 8% av driftskostnadane som blir den summen som laget får utbetalt.

Grunnen til at summen blir på 8% er at i forenkla søknadsmodell så ligg m.a. løn, kontingent og andre ting som ikkje er momsbelagt inne i driftskostnadane.

 

Tidlegare år var det også ei avkorting i tillegg til dette, i år bevilga staten så mykje i potten for momskompensasjon at ein slapp unna denne ekstra avkortinga.

 

Det blir ikkje sendt ut tilsagnsbrev, slik at laga må hente ut rekneskapsbilag frå nettbank.

 

Har de spørsmål kring momskompensasjon kan de ta kontakt med Alf Steinar Nekstad (alf.steinar@ungdomslag.no).