Tildeling av Frifond 2022

Frifondmidlane for 2022 er no tildelt lokallaga. Tilsaman kr 1 913 383,- er fordelt på 101 lag i 11 fylke.

På grunn av pandemien var det i 2021 mange lag som ikkje fekk brukt opp Frifondtilskot som dei fekk tildelt året før. Det ubrukte tilskotet måtte vi kreve tilbakebetalt frå laga, tilsaman var det kr. 295 581,-. Vi søkte Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) om å få muligheit til å plusse desse pengane til det tilskotet som vi hadde til fordeling i år. Vi fekk positivt vedtak frå LNU på dette. Vi har difor ein god del meir Frifondtilskot som vi kan fordele til laga i år enn tidlegare år. Det variable tilskotet som blir tildelt etter tal medlemmer under 26 år i medlemslaga vart kr. 443,- per medlem.


Her finn du eit oversyn over dei laga som har søkt om og fått tildelt Frifondtilskot.

Frifond er ei stønadsordning oppretta for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan søkje om driftstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget.