Teaterfagleg helg er avlyst

Det er med tungt hjarte at vi må avlyse teaterfagleg helg. Det er under to veker til helga 11.-13. mars, og vi fått for lite påmeldingar til å gjennomføre kurset. For å gjere det føreseieleg både for tilreisande deltakarar og for instruktørane, så vel vi no å avlyse kurset.

Vi har lenge håpa at fleire ville melde seg på dette supre tilbodet der ein kunne få eit inspirerande teaterkurs med to gode instruktørar med både overnatting og "full kost og losji" og ei teaterframsyning på Det norske teatret innbakt i prisen. Det er eit kurs vi har lagt mykje ressursar i å arrangere, men ser no at det skal svært mykje til for at vi rekk å rekruttere nok deltakarar til å gjennomføre.