Stimuleringsordning som ikkje stimulerer

I 2018 la Trine Skei Grande, dåverande kulturminister, fram den første kulturmeldinga på 15 år med tittelen Kulturpolitikk for framtida. Same året kom ny frivilligmelding og i år lanserte regjeringa den nye barne- og ungdomsmeldinga. Felles for meldingane er fokus på deltaking og eigenaktivitet. Meldingane viser ein regjering med forståing om kva det frivillige kulturlivet betyr for samfunnslivet i Noreg. 

Noregs Ungdomslag vedkjenner at koronapandemien har vore og er krevjande å handtere for regjeringa, men sett i lys av det store kunnskapsgrunnlaget regjeringa sit på gjennom dei ulike stortingsmeldingane, forventar vi i Noregs Ungdomslag meir empati for den vanskelege situasjonen frivillige lag og organisasjonar har fått. 

Etter fleire månadars ventetid vart endeleg den nye stimuleringsordninga for frivilligheita lagt fram av Kulturdepartementet. I følgje departementet er målsetninga å stimulere til aktivitet i frivillige lag og foreiningar gjennom støtte til omstilling og smittevernstiltak. 

Noregs Ungdomslag er ikkje i tvil om at ein stimuleringsordning på sikt kan vere eit godt verktøy for å dra i gang nye aktivitetar, men det frivilligheita treng no er ein ordning som dekker faste kostnadar og tap av inntekter, og ikkje ein heilt ny statleg ordning midt i ein periode med vedvarande nedstenging av heile samfunnet. Stimuleringsordninga er i realiteten ein underskotsgaranti som ikkje vil vere til hjelp for alle laga som har måtte avlyse sine arrangement i den tida som har gått og treng inntekter no for å halde liv i laga.

Dette var noko fleirtalet av innspela til høyringa i forkant av lansering av ordninga var opptatt av. Vi er difor skuffa over at Kulturdepartementet ikkje viser større forståing for kor alvorleg situasjonen er for det frivillige kulturlivet.

At stimuleringsordninga vart offentleggjort rett før påske illustrerer dette med tyngde. Tida frå påska og frem til 17. mai er høgtid for lag og organisasjonar med påskebasarar, marknadar, 17. mai-feiringar, revyar og tallause aktivitetar retta mot born og unge. Desse aktivitetane finansierer drifta i lag lang tid framover. Dette er dei same aktivitetane som regjeringa snakkar så varmt om i dei ulike stortingsmeldingane. Tap av inntekter frå desse aktivitetane vil ha alvorlege konsekvensar for drifta til desse laga.

Noregs Ungdomslag har òg liten tru på ordninga vil føre til auka aktivitet når organisasjonane ikkje får vite om dei får støtte før aktivitetane er gjennomført. Dette er lag som allereie har svak økonomi og liten moglegheit til å forskottere utgifter. Vi er òg kritisk til at regjeringa maktar å etablere ei ordning retta mot nasjonale idrettsarrangement frå april, mens frivillige organisasjonar må vente til juni utan at innhaldet i ordninga er avklart. Vi ser inga grunn til slik forskjellsbehandling mellom kultur og idrettslivet.

Det kan difor sjå ut som om Abid Raja og Kulturdepartementet ikkje forstår kor viktig den store underskogen av små og mellomstore lag og organisasjonar er for kulturlivet i Noreg og den store innsatsen desse laga legg ned for å arrangere og planlegge tiltak som barnestemner, revyar, danseforestillingar, kurs i tradisjonshandverk osv.

Noregs Ungdomslag si sterke oppmoding til regjeringa og Kulturdepartementet må vere at dei nyttar seg av det store kunnskapsgrunnlaget dei sit på og legg opp til tiltak som gjev det store mangfaldet av lag- og organisasjonar moglegheit til jobbe for deltaking og eigenaktivitet, også etter pandemien. Eit første steg er å vidareføre og forbetre kompensasjonsordninga frå 2020 til 2021. Her bør Kulturdepartementet arbeide for at ordninga gjeld ut 2021 og fjerne nedre grense på 25 000,-, slik at enda fleire lag og organisasjonar har moglegheit til å søke på ordninga. 

Med dette vonar Noregs Ungdomslag at det òg vert kultur for framtida.