Stem fram Årets lokallag 2022

Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomlsag vert delt ut for fyrste gong under landsmøtet i Oslo 29.-30. april 2023.

Styret har nominert tre lag som presenterer seg her. Alle kan stemme på sitt favorittlag fram til 20. april. Då vi ein jury ta ei avgjerd og dele ut prisen under landsmøtet. Dei tre laga er Leikaringen Frøy, Iveland Ungdomslag og Kløvheim Ungdomslag. Alle er lag som har høg aktivitet og deltek aktivt i fylkeslaga. Sjå korleis dei tre nominerte presenterer seg her:

Leikaringen Frøy
Leikaringen Frøy held til på Ås og er i tillegg studentlag ved NMBU og samlar folk frå heile landet til dans og anna moro året rundt. Lokallaget har sidan pandemien auka frå fem til kring 50 medlemmar. 

Sjå presentasjonsvideoen til Leikarringen Frøy her.

Iveland Ungdomslag
Iveland Ungdomslag er eit nyvitalisert lag frå Iveland i Agder. Dei har unge medlemmar og driv varierte aktivitetar som måleklubb, kviss, motorsagkurs for jenter og yoga, i tillegg til konsertar og andre ting dei finn på.

Sjå presentasjonsvideoen til Iveland Ungdomslag her. 

Kløvheim Ungdomslag
Kløvheim Ungdomslag i Alver i Vestland har det siste året feira sitt 100-årsjubileum og laga eiga jubileumsbok. Laget er svært aktivt og har stor dugnadsand. Dei driv bygdekinoen i tillegg til LAN-party, basar, bygdefestar, tur og aktivitetsgruppa og mykje anna.

Sjå presentasjonsvideoen til Kløvheim Ungdomslag her. 

 

Stem fram din favoritt her: https://forms.office.com/e/ZpYbFhFpwb.