Statsbudsjettet 2019: meir i driftstilskot!

Statsbudsjettet 2019: 

Kva betyr det for Noregs Ungdomslag og våre lag og medlemmar?

Statsbudsjettet for 2019 er oppløftande lesing for mange i kultursektoren. Spesielt kjekt er det å sjå korleis kulturbudsjettet ser ut for Noregs Ungdomslag og våre viktigaste samarbeidspartnarar. Sjølv roper vi hurra for 500 000kr i friske midlar til organisasjonen sitt arbeid innan folkedans og ungdomshus. Vi smiler breitt over at kampsaka vår om momskompensasjon til den frivillige kultursektoren gitt resultat i form av eit løft på 134 millionar kroner. Vidare seier vi oss godt nøgde med utfallet for Kulturalliansen, meir føreseielege rammer for amatørteaterfeltet og ny ustyrsordning, og at Det Norske Teatret får ein solid auke. Under får de ei oppsummering på desse og andre punkt i statsbudsjettet som vil påverke oss som organisasjon:

Noregs Ungdomslag
Som nemnt ligg vi an til å få ei auke på 500 000kr i driftstilskotet. Midlane er øyremerka arbeidet vårt innan folkedans og ungdomshus, og vi er svært glade for at regjeringa anerkjenner vårt behov for å legge inn ein ekstra innsats på desse felta i tida framover. I ein frivillig organisasjon som vår, monnar sjølv små midlar som dette stort i positive ringverknader for lag og medlemmar.

Momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar
Regjeringa aukar momskompensasjon for frivillige organisasjonar med 134 millionar kroner i forslag til statsbudsjett. Det er den største auka i momskompensasjon etter at Solberg-regjeringa tok over i 2014. I fleire år har organisasjonane opplevd ein reell nedgang i momskompensasjonen, så dette er eit viktig steg i rett retning. Sjølv om ordninga får ein auke, er det fortsatt langt igjen til målet om full momskompensasjon, og vi forventar at regjeringa følgjer opp stortingsvedtaket om ein opptrappingsplan. Om auken blir ståande estimerer Frivillighet Norge at organisasjonane vil få kompensert 75 prosent av sine momsutgifter i 2019 mot 72,6 prosent i 2017. 

Kulturalliansen
Kulturalliansen har kome inn på statsbudsjettet med 1 million kroner i driftstilskot. Organisasjonen vart stifta i 2016 og Noregs Ungdomslag har vore ein sentral aktør i dette arbeidet. Kulturalliansen er eit felles talerør for dei frivillige organisasjonane, og vil få ei viktig rolle i å samordne det frivillige kulturfeltet. Vi står sterkare saman, og Kulturalliansen er ein god arena for å jobbe for betre rammevilkår for laga og medlemsmassen vår. 

Midlane til amatørteater
I perioden 2015-2017 vart midlane til amatørteater forvalta av Scenefolk og Teateralliansen. 

I forslag til statsbudsjett er det foreslått at Norsk kulturråd frå 2019 skal forvalte midlane til amatørteater og frivillige føremål. Dette inkluderer tilskotsordningar for aktivitet, driftstilskot for dei nasjonale aktørane og tilskotsordninga for historiske spel. Manusbanken Dramas, som er drifta av Teateralliansen, vil også få driftstilskot frå Kulturrådet. Tilskotsordningane skal bli forvalta og utvikla i dialog med amatørteaterfeltet. 

Vi er glade for at Kulturdepartementet endeleg har landa på ei forvaltningsordning for amatørteaterfeltet, og håper dette vil gje meir føreseielege rammer for feltet framover.

Utvida utstyrsordning
Den nye utstyrsordninga for amatørteaterfeltet, som vart varsla i forslaget til statsbudsjett for 2018, er no foreslått lagt til Musikkutstyrsordninga. Om regjeringa sitt framlegg går gjennom, vil Musikkutstyrsordninga får eit utvida mandat med mål om at dette skal bli ei kulturutstyrsordning blant anna for amatørteaterfeltet. Vi meiner det er positivt at regjeringa styrkar satsinga på kulturarenaer, og at dei tenkjer tverrkulturelt. Vi ber om at utstyrsmidlane som er sett av til amatørteater, faktisk går til dette feltet i staden for ein tverrfagleg felles søknadspott. 

Studieforbund
Vi registrerer at tilskotet til studieforbund vidareførast på same nivå. Dette er vi glade for, sjølv om vi hadde helst sett at det hadde vore ein klar auke i tilskotet. Det blir no gjort eit større utgreiingsarbeid på studieforbundsordninga, og vi kjem til å følgje prosessen tett framover for å sikre best mogleg vilkår for kursverksemda vår.

Det Norske Teatret
Det Norske Teatret har sitt utspring frå Bondeungdomslaget i Oslo, og Noregs Ungdomslag er ein av luteigarane. Det gler oss derfor stort at regjeringa foreslår å auke tilskotet til teatret med 4,9 millionar kroner. 2 millionar av desse midlane skal gå til teatret sitt integreringsarbeid i prosjekta Det multinorske og Den mangfaldige scenen (DMS). DMS vart stifta i 2013 og er eit barne- og ungdomsteater eigd med ein 1/3 kvar av Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo og Det Norske Teatret.

Riksscenen
Riksscenen, ei scene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans, vart stifta i 2007 av blant andre Noregs Ungdomslag. Riksscenen har fått ei vidareføring av driftstilskotet med ei indeksregulering på 2,4 %.