Sommarleiren opna tysdag!

Tysdag 28. juni har deltakarane våre begynt å komme til Trøndertun Folkehøgskole for å delta på Sommarleiren! Medan to av deltakarane frå Gjerpen frilynde UL har reist med tog heile vegen frå Skien og stod opp fire og fem i dag tidleg, stiller Vatne frilynde UL med heile ti deltakarar! Teaterglade deltakarar frå Mjeldalen UL og BUL i Nidaros er også på plass. 

Ekstra stas

NU planla å halde Sommarleiren her på Trøndertun allereie i 2020, men grunna korona er det først no at vi får arrangert leir. Derfor er det ekstra stas at vi no er i gang!

Tysdag formiddag vart NU-flagget heist på Trøndertun folkehøgskole, og vi er budde på ei veke med dans, teater og mykje gøy for ungdommane som kjem for å vere med på seks dagar med sommarleir. 

Dyktige instruktørar

Vi har fått med dyktige instruktørar i folkedans, swing og teater, som skal halde kurs frå onsdag til og med fredag, og det er noko kursdeltakarane kan sjå fram mot! Medan scenekunstnar, komponist og teaterinstruktør Gunhild Hjertås skal lose ei gruppe kursdeltakarar frå idè til teaterframsyning, skal folkedansar Tone Ingvaldsen og folkedans-, swing- og boogie-woogie-dansar Eirik Michelsen saman halde dansekurs. 

I tillegg blir det mykje gøy og moro og andre sosiale aktivitetar for ungdommane. Nokon har beskrive Sommarleiren som eit folkehøgskoleår gjort på ei veke.

Færre enn vanleg

I år er det i underkant av tjue ungdommar som kjem for å vere med på kurs i teater, dans og delta på mykje gøy og moro om kveldane. Det har vore vanleg å ha mange fleire deltakarar, men no krev det litt innsats å komme tilbake til normalen etter koronatida. Derfor har vi òg vore nøydde til å nedskalere leiren noko. Vi trur det blir ein veldig kjekk og hyggeleg leir, og er glade for å vere i gang igjen.

Sommarleiren til Noregs Ungdomslag har ein lang tradisjon. Sommarleiren i år er den tjuande leiren som blir arrangert, og Sommarleiren er ei vidareføring av dei tidlegare landsstemna og sommarkursa som Noregs Ungdomslag har arrangert heilt sidan slutten av 1890-talet.