Søk om gjesteinstruktør for hausten 2020

To gonger i året kan lag i Noregs Ungdomslag søke om å få tilsendt ein gjesteinstruktør til å halde kurs i laget sitt. Neste søknadsfrist er like rundt hjørnet, 1. mai. No er endeleg søknadsskjema opna.

Trykk her for å kome direkte til søknadsskjema.

Som ein av lagsfordelane i NU tilbyr vi helgekurs på 8-10 timar. Det er muleg å bestille instruktør til kurs i dans eller teater.

Vilkår: Laget betaler ein eigendel på kr 5.000.- og NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale og ordne med påmelding mm. Laget pliktar å melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon, seinast same dag som fyrste kursdag. Her får ein kurstilskot for deltakarar over 14 år. 

Her kan du lese meir om gjesteinstruktørordninga (trykk her).

NU har diverre ikkje ubegrensa med midlar til å sende ut instruktørar, difor er det innført ei søknadsordning med to fristar i året. På denne måten har alle lag som ynskjer moglegheit til å søke, og fordelinga på kven som får nytte ordninga frå år til år blir forhåpentlig noko meir rettferdig.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål, og hugs å sende inn ein søknad innan 1. mai 2020 for kurs som skal haldast i perioden juli-desember 2020.