Søk kompensasjon for avlyste og utsette arrangement

700 millionar kroner har blitt satt av til arrangørar i frivillig- og idrettsektoren som mistar billett- og deltakarinntekter som følgje av koronaviruset. Søknadsskjemaet vart opna 14. april, og det er svært kort svarfrist = 21. april.

Som lag kan de søkje om kompensasjon dersom: 

*Arrangementa var planlagte i perioden 5. mars til og med 30. april 2020.

*Arrangementa ville ha vore opne for ålmenta.

*Tapte billettintekter og deltakaravgifter med meirutgifter, må utgjere samla meir enn 25 000 kroner for laget.

SØKNADSKJEMA FINN DE HER!

Mange av laga våre ville i vår fått dei største inntektene frå loppemarknad, basar og utleige. Noregs Ungdomslag fekk ikkje gjennomslag for at desse inntektskjeldene vart inkluderte i denne kompensasjonsordninga, men vi kjem ikkje til å gje oss i kampen for ei ny kompensasjonsordning knytt til generelle inntekter for frivilligheita.

De finn søknadsskjema og rettleiing her på denne sida.

Ta kontakt med oss på NU-kontoret om de lurar på noko!