Skrikande behov for midlar til kulturlokale

Onsdag kl 17 arrangerer Virke debatten "Kultur og frivillighet trenger et sted å være" under Arendalsveka. Debatten tar for seg korleis vi kan bygge levande lokalsamfunn og sterkare fellesskap.

Frå Noregs Ungdomslag deltar Christoffer Knagenhjelm, som til dagleg leiar prosjektet Huset i Bygda for NU.

­– Vi har ei målsetjing om at husa skal vere gode og viktige kulturarenaer for folk der dei bur, seier Knagenhjelm.

Fersk rapport frå Telemarksforskning

Under debatten blir òg den ferske undersøkinga "Er det rom for kultur i norske kommuner?" lagd fram.

I rapporten har forskarar frå Telemarksforskning tatt for seg bruken av og behovet for kulturlokale i 17 norske kommunar. Dei har intervjua kultursjefane for å få ei heilskapleg oversikt over kulturlokala i kommunen.

Kulturhus, skolar, samfunnshus, kulturskolen, kino og bibliotek er lokala som blir mest nemnde. Det er stor variasjon i kor eigna dei ulike lokala er for kultur, og det er også utfordringar knytt til kor tilgjengelege dei er geografisk og prismessig.

Fleire av kultursjefane seier det er vanskeleg å konkurrere med idretten og andre kommunale område for midlar til bygging eller oppgradering av kulturarenaer. 

Stort etterslep

"Over heile landet er det eit skrikande behov for midlar til oppussing og bygging av lokale for kultur og det frivillige. Etterslepet rammar fleire titusen, som må ta til takke med lite eigna lokale. Det er behov for ei massiv satsing", skriv arrangøren av debatten.

I debatten deltar stortingsrepresentantar frå Venstre, Ap, SV og SP, forskar Kristine Persdatter Miland frå Telemarksforsking, Marianne Ween, leiar i Kulturalliansen, Stian Slotterøy Johnsen, Generalsekretær i Frivillighet Norge, Margrete Bjørge Katanasho, styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Christoffer Knagenhjelm, rådgivar for kulturbygg, Noregs Ungdomslag, Kee Eide, Styreleiar i Oslo musikkråd, Gry Haugsbakken (Ap), statssekretær i Kulturdepartementet, Rhiannon Hovden Edvards, Bransjedirektør i Virke Kultur og opplevelser.
 
Les meir om arrangementet på nettsida til Arendalsveka.