Siste nytt om "Kven Veit?"

Vi har fått fleire attendemeldingar frå lag om at det er vanskeleg å gjennomføre dei to siste rundane av Kven veit? grunna lokale eller regionale smitteverntiltak.
Kven veit? er ei landsdekkjande kunnskapstevling og vi ønskjer at alle laga som er påmeldt skal ha moglegheit til gjennomføre tevlinga. Vi ønskjer òg at kunnskapstevlinga skal medverke til samhald og gode opplevingar under koronapandemien, ikkje unødig uro for korleis laga skal organisere og gjennomføre tevlingsrundane. 
 
Vi har difor endra fristen for gjennomføring av runde to og tre til 15. september.

For oversikt over regionale tiltak:

https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering/koronavirus/kart-over-regionale-tiltaksnivaer

 

Dei som vil gjennomføre tevlingsrundane digitalt der deltakarane sit kvar for seg kan gjere det. 

 

Frivillig Norge legg òg ut informasjon retta mot frivillige lag og organisasjonar jamleg her:

https://www.frivillighetnorge.no/verktoy/kurs-og-praktisk-hjelp/smittevernveileder/

 

Er det behov for lokale tilpassingar for å fullføre tevlinga, ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm på christoffer@remove-this.ungdomslag.remove-this.no, mob. 48004817.

 

Lukke til vidare!