Resultata frå runde 2

Resultata frå runde 2 av kunnskapstevlinga "Kven veit?" 2021 er klare.

Vi veit at det har vore ein tolmodsprøve, både for lag og deltakarar å delta i årets Kven veit? med stadig skiftande koronarestriksjonar!

Likevel har dei fleste laga bitt tenna saman og klart å mønstre medlemmer til ein siste innsats! Her er resultata for runde to. Vi skal ikkje røpe dei førebels resultata, det kan de lese sjølv, men det er framleis nokre deltakarar frå Oslo som gjer det skarpt! Under kan det sjå ut som om feltet har sprukke litt opp. 

Vi er i ferd med samanstille resultata for siste runde, som vil vere klare i løpet av veka. Inntil vidare får de saumfare listene og vente i spenning til det (endeleg) vert avgjort.

Sjå resultata frå runde 1 og 2 med plassering ved å klikke her.