Resultata for Kven Veit? 2023 er klare

Vinnaren av årets Kven Veit? er klar. Laget som vann har samanlagt 17 av 18 rette svar knytt til årets tema, noko som syner at dei har budd seg godt til tevlingane. I tillegg hadde dei alle rett i kategorien folkedans frå 2. runde og alle rett i kategorien Ivar Aasen frå 3. runde. Her har vi med andre ord eit lag som kjenner norskdomsrørsla si godt.

Gratulerer til Songlaget i BUL Oslo med fyrsteplassen.

Heile resultatlista finn du her

Tema verdsrommet
Det var styreleiar i NU Torbjørn Bergwitz Lauen som annonserte vinnarlaget under landsmøtet til NU 29. april. På ein god andreplass finn vi Hugnad UL Torpo, og knappe eit poeng bak ligg Hordalaget i Oslo. 

Tema for Kven Veit? i år, var verdsrommet.

I tillegg til å kåre årets vinnarar, annonserte óg Lauen neste åres tema. Gjer dykk klare, neste års tema blir Melodi Grand Prix.