Resultata for første runde av Kven veit

Resultata for første runde av Kven veit er klare

No ligg resultatlista for første runde av Kven veit ute på verdsveven. Medan laget Songlaget Litle fuglen frå BUL Oslo, og lag A frå Hordalaget i Oslo ligg likt i tet med 23 poeng kvar, ligg lag A frå Bergen ungdomslag Ervingen, lag A frå BUL Kristiansand og laget Knut & Co frå Fjærland ungdomslag og vakar tett oppunder teten med 21 poeng kvar. Lag A frå Hugnad Ungdomslag er neste lag på lista med 20 poeng.

Ingen ting er med andre ord avgjort i denne tevlinga. Svara på andre runde er nettopp komne inn til tevlingsleiar, og når vi no har sendt ut siste spørsmålsrunde, kan alt skje!

Ekstra poenginformasjon frå tevlingsleiar

Nokre av laga vil sjå at poengsummen har endra seg noko etter at resultatet vart sendt inn. Etter fleire tilbakemeldingar frå laga, har tevlingsleiar justert resultatet noko.

Det gjeld mellom anna spørsmål 9.1 om kva landsdel Maria Parr ofte har lagt handlinga i sine bøker. Da fleire lag har argumentert med at omgrepet landsdel famnar breiare enn Sunnmøre (som er ein del av Møre og Romsdal fylke, og som er korrekt å kalle eit distrikt), har vi no òg godkjent Vestlandet som rett svar.

Nokre dommarar har gitt poeng for at forkortinga GPS står for Geografisk Posisjons System, der rett svar er Global Positioning System. Det var veldig nære på og rett tenkt, men når det gjeld forkortinga GPS, er vi ute etter det opphavlege namnet bak forkortinga. 

Vi har prøvd så godt det lar seg gjere å unngå misforståingar i siste spørsmålsrunde, og ønsker laga lykke til! 

Vi har lagt ved resultatlista som ei eiga fil her, men de kan òg sjå lista i eit meir lesarvennleg format nedst på sida til Kven veit 2022.