Rapport på Frifondtilskot

Det er no klart for å levere rapport på bruken av Frifondtilskotet som vart tildelt i desember 2021. Rapporten skal leverast i https://ungdomslag.hypersys.no/. Gå til økonomi, støtteordningar og Frifond 2021.

Tilskotet skulle brukast til aktivitetar for barn og ungdom under 26 år i perioden 01.11.2021 og 31.10.2022.

Laget skal først gi ein kortfatta rapport om kva tilskotet er brukt til, last deretter ned rapportskjemaet. 

Rapportskjemaet skal innehalde bilagsnummer (henta frå rekneskapet), dato for når de mottok tilskotet og storleiken på tilskotet. Deretter skal utgiftene til dei ulike tiltaka førast inn kronologisk med bilagsnummer, dato og utgiftssum.

Trykk her for å laste ned eit døme på korleis eit riktig utfylt rapportskjema ser ut

Om laget ikkje har brukt opp heile tilskotet, vil vi sende krav om tilbakebetaling av restbeløpet.

Frist for å levere rapport er 01.12.2022. Lag som ikkje har levert rapport innan 01.12. vil motta krav om tilbakebetaling av  heile tilskotsbeløpet.

Den 7. november kl. 18.00 blir det eit nettmøte der vi går gjennom utfylling av rapporten. 

Trykk her for å gå til nettmøtet i Teams

Er det  spørsmål om rapporteringa eller om de treng hjelp, så ring 959 08 721. Du får òg svar på kveldstid.