Pengegåve til Huset i bygda

Huset i Bygda i Sogn og Fjordane fekk 1. mars 2019 overrekt ei gåve på 650 000,- frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane for privatmarknad i Dale, Torunn Mattson, sto for overrekkinga. Christoffer Knagenhjelm, som er ansvarleg for Huset i Bygda i Sogn og Fjordane, mottok gåva på vegne av Huset i Bygda. Pengane er frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og delast ut via eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Gåva vart overrekt på Jensbua i Fjaler. Jensbua er eit bygningsvern- og kystkultursenter. I 2018 fekk Jensbua 150 000,- i gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Gåva gjorde det mogleg å bygge rampe for menneske med funksjonsnedsettingar og renovere kjøkkenet slik at det er mogleg for fleire brukargrupper å nytte huset.

 Eit stort behov

I Sogn og Fjordane er det over 400 lagsseigde kulturhus. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gjev gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, såg tidleg at det var stort behov for støtte til bygningsmessige tiltak i dei lokale kulturhusa, og at gjennom å vere ein føreseieleg partnar for kulturhusa kunne ein bidra til å utløyse andre tilskot til dei lagseigde kulturhusa.

I 2016 byrja difor eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda, der stiftinga sette av 500 000 kroner til lagseigde kulturbygg. Ordninga har vore svært viktig for å auke både merksemd og standard på dei lagseigde kulturhusa i fylket. 

Viktige møteplassar

Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng difor utbetring og ombygging. Dette er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande. I 2018 vart dette illustrert ved at talet på søknadar frå lagseigde kulturhus auka med heile 265% (230% i søknadssum). 

– Ein stor del av auken kan tilskrivast Huset i Bygda sitt arbeid med å rettleie kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar i søknadsvurderinga med sin store kunnskap om kulturhusa i fylket, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

Eit godt samarbeid

– Sparebankstiftinga er svært nøgd med det gode samarbeidet med Huset i Bygda, og har difor vedteke å gje dei ei gåve på kr. 650 000. Gåva vil som før gå til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus, men i staden for å samarbeide om vurderingane kan Huset i Bygda no prioritere midlane sjølve. I tillegg aukar vi opp beløpet med 150.000 kroner frå i fjor, seier Fidjestøl.

– Eg er glad for denne tillitserklæringa. Det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga betyr mykje for Huset i Bygda, seier Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda i Sogn og Fjordane.

Søknadsfristen vert som tidlegare 15. april. Informasjon om tilskotsordninga vil bli lagt ut på www.sparebankstiftinga.no

 

OM SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er saman med Sparebankstiftinga Fjaler eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga deler ut gåvemidlar frå overskotet til banken. Gjennom sitt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane har stiftinga ein eigenkapital på nærare 2 milliardar og er med det ein av dei største forretningsstiftingane i landet.

 

OM HUSET I BYGDA:

Huset i Bygda (HiB) vart etablert av Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) i 2010. Formålet med HiB er å hjelpe, støtte og inspirere alle organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane; ikkje berre kulturbygg eigd av eigne medlemmer. 

SOFUL er del av Noregs Ungdomslag, stifta i 1896. Som del av ein leiande kulturorganisasjon i Noreg har vi ansvar for å ta vare på og fornye den tradisjonelle folkekulturen. I fylket har vi i dag 30 lokallag, der SOFUL er bindeledd mellom Noregs Ungdomslag og lokallaga i fylket. 

SOFUL dekker frivillig kulturarbeid og bidreg med kursverksemd innan folkedans, folkemusikk revy, teater, idrett og andre typiske klubbaktivitetar for folk i alle aldrar. Nokre lag i fylket har òg ansvar for kinodrift. SOFUL er viktig for å ta vare på nynorsk gjennom publiserings- og mediearbeid og anna kulturelt arbeid for å sikre nynorsk som skriftspråk.