Ole Vig-prisen utdelt til Torbjørn Lauen

Noregs Ungdomslag gratulerer leiar Torbjørn med Ole Vig-prisen, som han fekk på den store prisutdelingsfesten i Stjørdal 1. desember.

I grunngjevinga for at Torbjørn får denne gjeve prisen, skriv juryen i Ole Vig-fondet:
«Den første som vi veit tok opp tanken om å skipe ungdomslag, var Ole Vig i 1853. Ole Vig-fondet vil vere med å løfte fram verdien i å vere aktiv i og leie ein frivillig organisasjon, ta ansvar for ein heilskap og arbeide for og saman med andre i år etter år. 
Torbjørn Bergwitz Lauen er født i 1990, og har vore leiar i Noregs Ungdomslag sidan 2019. Han kom inn i styret i 2016. Han var medlem i barne- og ungdomsrådet i 2010-2012, og leiar i valnemnda 2013-2014. Heilt frå 2010 til 2017 var han medlem i barne- og ungdomsutvalet i den nordiske folkedansorganisasjonen Nordlek og frå 2017 medlem i folkedans- og kulturutvalet der. 
Da han var 14 år (!) blei han styremedlem i leikarringen i Bondeungdomslaget i Kristiansand og frå 16-årsalderen medlem og etter kvart leiar både i barne- og ungdomsnemnda i Vest-Agder Ungdomslag, leiar for Fylkeslagets ungdomsring i Aust-Agder Ungdomslag frå han var 17 til han var 19 og flytta heimanfrå for å gå på Arbeidarrørslas Folkehøgskole på Ringsaker. Parallelt var han aktiv og hadde verv i skolesamanheng, i partipolitisk ungdomsarbeid først i Sosialistisk ungdom og seinare i Senterungdommen, i Norsk Målungdom og Foreininga Norden Ungdom på landsplan. Han rakk også å vere med i musikk- og danseprosjektet Reel around the North Sea med aktørar frå Danmark, Finland, Irland, Norge, Skottland og Sverige 2008-2011, og å ha sommarjobbar. 
Frå 2010 til 2015 studerte Torbjørn Bergwitz Lauen ved Universitetet i Bergen og tok bachelorgradar i samanliknande politikk og historie. I valkampane var han deltids valkampmedarbeidar for Senterpartiet i Hordaland og Oslo. Og i sommarferiane korte engasjement som leirsjef, samordnar og rådgjevar for barne- og ungdomsarrangement i regi av Noregs Ungdomslag og/eller nordiske samarbeidspartar i Bodø, Steinkjer, Skive, Reykjavík, Viborg og Klaksvík. Og gjennom heileåret alle åra i Bergen tok han på seg leiaroppgåver i Bergen ungdomslag Ervingen som medlem i blad- og bestnemnda, styreleiar 2014-2016 med ansvar for to tilsette, og medlem av valnemnda. 
I åra 2016-2018 tok han mastergrad i historie ved Universitetet i Oslo med oppgåva «Å lære å meine, og meine det høgt: Frilyndte ungdomslag i Norden og deira rolle som opplæringsarenaer i offentleg deltaking ca. 1870-1920». Frå 2018 har han arbeidd i engasjement i Noregs Ungdomslag (20% i 2018) og som kommunikasjonsrådgivar i Senterungdommen i 60% i 2018, før stillinga i Senterungdommen blei utvida til 100% og fast stilling frå 2019. 
«Å lære å meine, og meine det høgt» er viktig i eit demokrati, og for å bidra til den folkeopplysninga for seg sjølv og andre samfunnet er sterkt avhengig av. Torbjørn Bergwitz Lauen viser dette i praksis kvar dag, år etter år. 
Det har gjort han til ein verdig mottakar av Ole Vig-prisen 2021.»

Torbjørn Bergwitz Lauen kjem i godt selskap. Desse har fått Ole Vig-prisen tidlegare:    
1979 – Geir Egil Larsen
1981 – Olav Ryan
1983 – Berit Aunli
1984 – Per Oddvar Hildre
1985 – Torvald Sund
1986 – Jostein Kroglund
1987 – Jan Kløvstad
1988 – Frederic Hauge
1989 – Kjærsti Evjen
1990 – Per Åsmund Omholt
1991 – Astrid Skogset
1992 – Mari Boine
1993 – Bjørn Førde
1995 – Heidi Sørensen
1996 – Susanne Lundeng
1997 – Loveleen Rihel Brenna
1998 – Herborg Kråkevik
1999 – Ole Reinlund
2000 – Silje Marie Vallestad
2001 – Øystein Sonstad
2002 – Jon Hustad
2003 – Margreth Olin
2004 – Odd Nordstoga
2005 – Inga Dalsegg
2006 – Einar Olav Larsen
2007 – Torunn Avelsgaard Lien
2008 – Alfred Fidjestøl
2009 – Maria Parr
2010 – Håvard Kalseth
2011 – Ingrid Storholmen
2012 – Cecilia Dinardi
2013 – Gjermund Larsen
2014 – Endre Skjåk
2015 – Helene Storstrøm Auset
2016 – Agnete Kristin Johnsen
2017 – Leo Ajkic
2018 – Sigrun Loe Sparboe