Ole Vig-prisen 2018 til Sigrun Loe Sparboe

Pressemelding fra Ole Vig-fondet:

Ole Vig-prisen 2018 til Sigrun Loe Sparboe

Sigrun Loe Sparboe får Ole Vig-prisen 2018 for sin rolle som utøvande musikar og som aktiv i kulturarbeidet i Harstad. Sparboe omtalas som ein bauta i kulturmiljøet i Harstad. Ho samarbeider like positivt med både profesjonelle som med amatørar, til dømes i Fiskarkona, ein lokal musikal der ho komponerte noko av musikken i tillegg til å delta i framføringa. Hennar tekstar er djupe og når inn i sjela til menneske, bygd på kvardagsrefleksjonar og personlege opplevingar.  Ho har gitt ut to soloalbum og tre album med Sigrun&The Kitchen Band. For komiteen er det særs positivt at ho no gjev ut kvalitetsmusikk på norsk og sin eigen dialekt. 

Prisvinnaren har uttalt at musikk har stor kraft og gjer godt for dei fleste, blant anna held ho konsertar på sjukeheimar og i bufellesskap – for menneske som ikkje så lett kjem seg på konsertar. 

Eit diplom og Ole Vig-prisen på 10.000 kr vert delt ut i kulturhuset Kimen i Stjørdal torsdag 29. november 2018.

Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vig si ånd. Det gjeld ungdomar frå heile landet utan omsyn til politisk meining. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor folkeopplysningsarbeid, kunst eller kulturarbeid. Ole Vig-fondet har eit styre med representantar fra Utdanningsforbundet, Stjørdal kommune, Noregs Ungdomslag og Inntrøndelag Ungdomssamlag. Sjå meir på  heimmesida til Ole Vig-prisen

Fleire opplysningar hos leiar for Ole Vig-fondet, Robert Mulelid, tlf 955 55 430, robert.mulelid@remove-this.gmail.remove-this.com


Bilde av prisvinnar Sigrun Loe Sparboe tatt av fotograf Gro Lagesen