Nyheitsbrevet 30. september

30. september sende vi ut nytt nyheitsbrev. Her er nokre av sakene oppsummert.

Velkommen til landsrådsmøte i Bodø 22.-23. oktober
 
Landsrådsmøtet er fylkeslagsleiarane sin møtestad med styret i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet oppmoda i vår styret om å legge fleire landsrådmøte utanfor Oslo, og det er derfor lagt til Thon Hotel Nordlys i Bodø. 
 
Tema for møtet i år, vert mellom anna restart av organisasjonen etter pandemien, oppfølging av langtidsplanen og rolla som spesialistorganisasjon i UNESCO. Det vil også vere god tid for fylka til å ta opp eigne saker. Møtet startar laurdag 22. oktober kl 10.00, og vert avslutta med lunsj søndag kl. 13.30.  
 
Nordland Ungdomslag arrangerer lokallagssamling denne helga, og Noreg Ungdomslag vil i tillegg invitere lag som ikkje er medlemmar til å delta på denne samlinga, for å få informasjon om eventuelt medlemskap. Noko av programmet vil vere felles med Landsrådet.
 
Laurdag kveld arrangerer Bodø Folkedanslag sosialt samvær med dans, kaffi og kaker på Aspåsen skole. Ungdomsringen Salten skal ha samling den helga og BUL Bodø forsøker å arrangere helgekurs for folkemusikkungdom og teaterungdom. Samlinga vert felles for all ungdomslagsaktivitet denne helga.
 
Påmelding innan 10. oktober
 
Ved spørsmål, ta kontakt med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum på epost magni@ungdomslag.no eller tlf 93422756.
Til laga som fekk Frifondtilskot 2021/22
 

Bruk opp Frifondmidlane innan 31. oktober!
Vi minner laga som fekk utbetalt Frifondtilskot i desember i fjor, om at dette tilskotet må brukast opp innan 31.10.2022.
 
Rapporteringsskjema blir lagt ut i Hypersys 01.11.2022.
 
Om du har spørsmål om dette, kan du ringe vår Alf Steinar på 95908721.

 
Regjeringa har vidareført tilskotsordning for frivillige organisasjonar

Som følge av dei ekstraordinære straumprisane, har regjeringa vidareført tilskotsordning for frivliige organisasjonar til og med mars 2023.
 
Fram til mars 2022 vart tilskotsordninga forvalta av kommunane, men i perioden april 2022–mars 2023 vil tilskotsordninga bli forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Les meir om ordninga på regjeringen.no.

Eldsjelsamling i Trondheim 4.-6.november

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) inviterer til si første eldsjelsamling 4.-6. november. Målet med samlinga er å stimulere til auka folkedansaktivitet lokalt.

Samlinga passar for deg som er leiar i eit lag, er instruktør, driv med formidling av dans eller driv med folkedans på andre måtar og ønsker å skape meir folkedansaktivitet der du bur.
Det er plass til 20 deltakarar, og påmeldinga er bindande og følger førstemann til mølla-prinsippet. Meld di interesse via dette skjemaet.

Les meir om samlinga her: 
www.folkemusikkogfolkedans.no/nyheter/dansespor-ildsjelsamling 


Støtte til å inkludere Ukrainske flyktningar i kulturaktivitetar
 
"Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" er ei tilskotsordning der frivillige organisasjonar og lag kan søke om støtte til å inkludere flyktningar frå Ukraina i ein musikk- eller kulturaktivitet. I hovudsak er ordninga meint som hjelp til å inkludere i aktivitet som allereie eksisterer i foreininga. 

Dette er noko også NU-lag kan søke om støtte til å gjennomføre, og denne støtta kan de søke om i tillegg til vaksenopplæringsmidlane. Kanskje er det ein aktivitet også i laget ditt, der det kunne passe å inkludere lokale flyktningar?

Les meir om ordninga i ei eiga sak på nettsidene våre: 
www.ungdomslag.no/kva-skjer/artikkel/sok-stotte-til-a-inkludere-ukrainske-flyktningar/
og på nettsidene til Norsk musikkråd:
www.musikk.no/nmr/nyheter/stotteordning-ukraina

Barneinstruktørkurs i folkedans 19.-20.november på Voss 

Barneinstruktørkurset er eit kurs for deg som ønsker å undervise barn og unge i folkedans. Kurset vil ha fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn, i tillegg til at du vil få eit innblikk i korleis du kan arbeide med rytmar med barn.

Instruktør er Anna Liv Skjelten Gjendem, og musikar er Britt Elise Skram.
Påmeldingsskjema: www.deltager.no/event/barneinstruktorkursvoss
Frist: 27.oktober


Utveksling med austerrisk folkedansgruppe?
 
Kan laget ditt tenke seg å komme i kontakt med ei folkedansgruppe i Austerrike? 

Gruppa Steirischer Schwung frå Stiwoll sør i Austerrike ønsker å komme på besøk til ei norsk folkedansgruppe i juli 2023. Vidare ønsker dei å invitere den norske folkedansgruppa til den austerriske festivalen Folklore Global i august 2024.

Om di gruppe er interessert i ei utveksling med denne glade gjengen, ta kontakt med rita@ungdomslag.no. 

International Folkfest i USA

Vi har fått ein førespurnad frå International Folkfest i Murfreesboro, Tennessee (http://www.mboro-international-folkfest.org/index.html) om det er ei dansegruppe som kan tenke seg å representere Noreg på deira 40 års-jubileum 4.-11.juni 2023.

For meir informasjon eller for å melde interesse, ta kontakt med kulturrådgivar Rita på rita@ungdomslag.no.

Tips til støtteordningar:

Nettsida ungfritid.no har samla tips til støtteordningar for deltaking i fritidsaktivitetar.
Sida med tips finn der her: stotte.ungfritid.no

Gode webinar på "Lillelørdag"

Om du enno ikkje har gått lei av webinar og nettmøte, arrangerer Buskerud Teater, Håloglaland Amatørteaterselskap, Norsk Revy og Vestlandske Teatersenter nettmøte kvar onsdag, kalla Lillelørdag. Dette er for deg som driv med revy, dans og teater, anten som aktivitet, eller om du jobbar med amatørar og barn. Med nytt tema kvar veke, er det mykje kunnskap og inspirasjon du kan hente her.
 
Du kan lese meir om Lillelørdag her. scenefolk.no/nb/artikler/2022/08/ukentlig-treffpunkt-pa-nett
 
Fagfag i bunad 

Nordland Husflidslag arrangerer Fagdag i bunad den 7. november i Bodø. Temaet for dagen er "Korleis kan vi behalde bunadsproduksjonen i Noreg?".
 
For påmelding og meir informasjon, sjå her.
husflid.no/lokallag-nyhet/fagdag-i-bunad-7-november-i-bodo/
 

Filme bunadbruk i dåp? 

Noregs Ungdomslag jobbar saman med Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt og Studieforbundet Kultur og Tradisjon om å nominere den allmenne bunadbruken i Noreg til UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
 
Søknaden skal leverast til Kulturrådet i januar 2023, og med søknaden skal det òg vere med ein film som beskriv kva vi ønsker å nominere. Produksjonen av filmen er godt i gang, men vi manglar framleis nokre klipp, deriblant av bunadbruk i dåp.
 
Veit du av nokon som arrangerer dåp i nær framtid, og som er komfortabel med at det blir filma, ta kontakt med mona@ungdomslag.no. 
 
Om du vil lese meir om prosjektet kan du gå inn på www.bunadbruk.no.

Har du lyst å bli med i Sommarleirutvalet?

Har du lyst til å bli med i planlegginga av Sommarleiren 2023? Vi er på utkikk etter tre ungdommar, helst med erfaring frå Sommarleir, som ønsker å sitte i leirutvalet for neste års leir.
 
Ta kontakt med mona@ungdomslag.no dersom du har spørsmål eller er interessert.


Dette skjer hausten 2022:

  • 22.-23. oktober: Landsrådsmøte i Bodø
  • 4.-6. november: Norsk senter for folkemusikk og folkedans inviterer til eldsjel-samling i Trondheim
  • 12.-13. november: Ungt Demokrati del to
  • 18.-20. november: Barneinstruktørkurs for folkedans i Voss


Heile nyheitsbrevet kan du òg lese om du trykker på denne lenka