Nyheitsbrev 25. november

Her eit samandrag av siste nyheitsbrev.
Vil du gå rett til brevet som vart sendt ut på epost, kan du trykke her:
https://mailchi.mp/a5abd1171249/nyheitsbrev-25-november?e=60ca5b8870


Stem på bunadsnemnda innan søndag!

Søndag er absolutt siste frist til å stemme den dyktige gjengen i Bunadsnemnda i Rogaland til topps i Frivillighetsprisen! Har du enno ikkje gitt di stemme, kan du gå til

https://frivillighetensdag.no/frivillighetsprisen og stemme på Bunadsnemnda. 

Vi synest Daghild Håvardsholm (87), Ragnhild Ødegård (80) og Eli Olsen (78) fortener å vinne Frivillighetsprisen i Frivillighetens år, etter 40 år med grundig kvalitetsinnsats for å revidere mannsbunaden for Rogaland og rekonstruere kvinnebunaden for Ryfylke. Og så har dei halde utallege sykurs for dei som vil lære å sy bunadane! For å nemne noko.

Vinnaren blir annonsert 5. desember 2022 på Frivillighetens dag.

Her kan du òg lese meir om kvifor damene er nominerte til prisen:
https://www.ungdomslag.no/kva-skjer/artikkel/daghild-87-ragnhild-80-og-eli-78-er-finalistar-i-frivillighetsprisen/ 


Påmeldinga til Kven Veit? 2023 er opna

Har du mobilisert eit vinnarlag som veit eitt og anna om Mjølkevegen og Andromedagalaksen i tillegg til litt om alt mellom himmel og jord?

No har påmeldinga til Kven Veit? 2023 opna, og påmeldingsfristen er 9. januar. Vi håper at så mange som mogleg i alle aldrar vil vere med på denne tevlinga!

For å melde dykk på, kan de gå til: 
https://survey123.arcgis.com/share/a872285d96c449958ea1524d124a7905

Deltakaravgifta for kvar gruppe er 450 kroner, og vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta frå og med fjerde gruppe i eitt lag, er på 300 kroner.


Frifond 2021

Her kjem ei aller siste påminning om å levere rapport på bruken av Frifondtilskotet som vart tildelt i desember 2021, for dei laga som fekk det. 

Frist for å levere rapporten, er 01.12.2022. Det er ei rekke lag som enno ikkje har levert rapport, og lag som ikkje har levert rapport innan 01.12. vil motta krav om tilbakebetaling av  heile tilskotsbeløpet. Det er unødvendige kroner i minus!

Rapporten skal leverast i ungdomslag.hypersys.no. Gå til økonomi, støtteordningar og Frifond 2021.

Har du spørsmål om rapporteringa eller treng hjelp, så ring 959 08 721. Du får òg svar på kveldstid.

På nettsida vår finn du òg ei innføring i rapportering:
https://www.ungdomslag.no/kva-skjer/artikkel/frifond/


Skattefrie gåver

Har laget ditt fått pengegåver i 2022? Laget må melde dette inn til Noregs Ungdomslag innan 15. januar. Frå og med inntektsåret 2022 er det maksimale frådraget for gåver frå same person/bedrift sett til kr. 25 000 per år.

Send ein e-post med storleiken på gåva, namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer) til givaren til post@ungdomslag.no . Om gåva er frå ei bedrift, må vi ha organisasjonsnummer.


Søk gjesteinstruktør i teater for våren 2023 innan 1. desember 

Den 1. desember er det søknadsfrist for gjesteinstruktør på teater for våren 2023.
Du kan lese meir om gjesteinstruktørordninga her:
https://www.ungdomslag.no/det-skjer/opplaering-og-kurs/

Instruktørkurs med fokus på turdans 7.-8.januar

Siri Mæland er instruktør når vi inviterer til instruktørkurs med fordjuping i turdans på Skjetten helga 7.-8.januar 2023.
Kurset er for deg som har dansa ein del tidlegare, anten turdans eller annan folkedans, og som ønsker å lære meir om korleis instruere i turdans. 

Mange lokal-, og fylkeslag gir støtte til sine medlemmar som ønsker å delta på kurs. Kan hende ditt lag er eitt av desse?

Påmeldingsfristen er 1.desember.

For meir informasjon om kurset og påmelding, kan de gå til: 
https://www.deltager.no/event/instruktorkurs_turdans2023#init


Vi ønsker ungdommar til Nordring 2023

6.-10. april arrangerer Dans i Danmark Nordring-samling for ungdommar i alderen 18-25 år på Bornholm. Nordring er eit inspirasjonskurs i nordisk folkedans og folkemusikk, samtidig som det er kulturutveksling.

På Nordring er det avgrensa med plass, og det er seks ungdommar frå kvart av dei nordiske landa som kan delta. NU oppmodar lokal- og fylkeslag om å sende ungdommar som er interesserte i å formidle norsk folkedans og / eller folkemusikk, samt lære meir om tradisjonane i dei andre landa, til Nordring. 
 
For meir informasjon og søknad om å få delta, sjå her: 
https://www.ungdomslag.no/det-skjer/folkedans/nordlek-og-cioff/nordlek/nordring-2023/


Spørjeundersøking om Folkepedia

Har du eller laget ditt brukt nettressursen www.folkepedia.no?
Folkepedia er ein database med undervisningsfilmar i folkedans for og med barn og ungdom. Vi vil gjerne høyre litt om erfaringane de har med å bruke desse videoane, og ber dykk om å setje av nokre få minutt til å svare på denne brukarundersøkinga: https://forms.office.com/r/rcnK2R1ew3


Støttebrev til UNESCO-nominasjon

Noregs Ungdomslag jobbar saman med fire andre organisasjonar med å nominere den allmenne bunadbruken i Noreg til UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv.
Du kan lese meir om heile prosjektet på www.bunadbruk.no
 
Når vi no skal sende inn søknaden, treng vi støttebrev frå alle som meiner at bunaden er ein del av kulturarven deira! 
 
Å skrive eit støttebrev er enkelt. Her er ei oppskrift: 

  • Skriv med eigne ord kvifor du støttar denne nominasjonen til UNESCOs representative liste. 
  • Dette må vere eigne tankar og meiningar, i eit eige skriv. 
  • Merk brevet med stad, dato og signatur. 
  • Send det til post@bunadbruk.no eller per post til "Noregs Ungdomslag, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo". 

Frist for å sende inn støttebrevet er 18. desember. 

Med eit slik støttebrev er du med på å bidra til at vi forhåpentlegvis får den allmenne bunadbruken i Noreg skriven inn på UNESCO si representative liste. 
 
Har du spørsmål knytt til prosjektet, send ein e-post til post@bunadbruk.no


Innspelsmøte om strategi for det frivillige kulturlivet

Regjeringa arbeider med ein strategi for det frivillige kulturlivet og ei utgreiing om regionale kulturfond, og ber om skriftelege innspel innan 1. februar 2022. Noreg Ungdomslag vil i tillegg delta på dei sentrale innspelsmøta og gi innspel til referansegruppa gjennom Kulturalliansen.
 
Det er viktig for Noregs Ungdomslag å høyre kva lokal- og fylkeslag meiner, så vi inviterer til digitalt innspelsmøte måndag 9. januar kl 18.00. Laga kan også kome med skriftlege tilbakemeldingar på e-post innan fredag 13. januar. 
 
Les meir om strategien på nettsida til regjeringa:
https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/innsiktsartikler/om-arbeidet-med-ein-strategi-for-kulturfrivilligheit/id2934057/
 
Her er meir informasjon om spørsmåla ein ønsker tilbakemelding på:
https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/innsiktsartikler/om-arbeidet-med-ein-strategi-for-kulturfrivilligheit/innspel-til-strategiarbeidet/id2934080/


Heile nyheitsbrevet kan du lese her:
https://mailchi.mp/a5abd1171249/nyheitsbrev-25-november?e=60ca5b8870