Nyheitsbrev 24. februar

I dette nyheitsbrevet minner vi om påmelding til landsmøtehelga, og tipsar samtidig om kurset UngtDemokrati, med samling under landsmøtehelga. Kjenner de nokon engasjerte ungdommar, så tips dei gjerne om dette gode tilbodet!

Vi minner òg laga om å oppdatere styret i Hypersys, så snart de har gjennomført årsmøtet dykkar. Dette er viktig for at vi skal nå ut med informasjon og nyheitsbrev til dei rette personane.

Det blir grunnleggande instruktørkurs i folkedans i Arendal 25.-26.mars, og teaterinteresserte kan no søke om støtte til amatørteateraktivitet i grupper. Vi vidareformidlar òg at lag som ikkje har ein hjartestartar i forsamlingshuset sitt, kan søke om gratis hjartestartar og førstehjelpskurs gjennom Ida Eides minnefond.

Heile nyheitsbrevet kan de lese her

Lenker til tidlegare nyheitsbrev finn du samla her