Nye nasjonale retningslinjer

Frå fredag 16. april opnar regjeringa noko dei nasjonale retningslinjene for smittevern:

–  Avstandskrav vert endra tilbake frå to til èin meters avstand.

–  Inntil 50 barn og unge under 20 år kan delta på arrangement kor det det ikkje er faste, tilviste plassar.  

Dersom barn og unge trenar/øver saman med eit lag eller foreining frå ei anna kommune, vil dei også kunne konkurrere saman, om smittesituasjonen tillèt det. 

–  Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst èin meters avstand. Utandørs kan de vere fleire, men må likevel passe på å halde minst èin meters avstand.

–  Arrangement som samlar menneske frå same kommune kan ha 100 personar innandørs på faste, tilviste plassar.

Arranngement utandørs kan ha maks 200 personar, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei set på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.

Overordna så er det ikkje tilrådd å samle menneske frå ulike kommuner. Kan arrangemntet bli avlyst eller utsatt, oppmodar regjeringa til det.

Er du usikker på kva desse reglane får å seie for aktiviteten i lokallaget ditt?  Regjeringa har ei side med relevante spørsmål. og svar:

https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/sporsmal-og-svar-om-koronasituasjonen/sporsmal-og-svar-om-arrangementer/id2703876/

 

Lokale retningslinjer

Det er viktig å merke at desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det finst òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Les oppdatert rettleiar for smittevern i frivillige organisasjonar her:

https://www.frivillighetnorge.no/verktoy/kurs-og-praktisk-hjelp/smittevernveileder/slik-har-rådene-endret-seg/