Nye heidersmedlemer

Å bli utnemnt til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag noko svært få har fått oppleve. Fram til 2019 var det berre 10 personar som hadde fått denne tittelen. Det er ei stor ære for oss i NU å kunne utnemne heile to nye heidersmedlemer i vårt 125-årsjubileum.

Våre ellevte og tolvte heidersmedlem er Dag Vårdal og Tor Stallvik!

Både Dag og Tor er dyktige fagpersonar som har hatt mykje å seie for folkedansen, organisasjonsarbeidet og for folkemusikken både i og utanfor NU. Dei har vore aktive i organisasjonen i mange år, både som tilsette, tillitsvalde og som instruktørar. Dei har skrive bøker, gjeve ut CDar, reist land og strand rundt og vore aktive både nasjonalt og lokalt.

Grunna situasjonen kring COVID-19 vart overrekkinga og overraskinga av heidersmedlemskapet noko annleis enn normalt. Dei vart båe overraska heime hjå seg sjølv i smittevernvenlege rammer. Vi har filma utdelingane, som du kan sjå til høgre i margen på denne sida. I tillegg kjem det nokre lengre filmar etter kvart der ein får høyre litt tankar frå både Dag og Tor om deira liv i NU og i miljøet.

 

Vi gratulerer Dag Vårdal og Tor Stallvik og er glade for å få lov til å omtale dei som våre nyaste heidersmedlemer i organisasjonen.

 

Les meir om både Dag Vårdal og Tor Stallvik ved å klikke deg inn på denne sida vår, der du også finn oversikt over dei tidlegare utnemnte heidersmedlemene våre: www.ungdomslag.no/om-oss/heidersmedlem/.