Nye etiske retningslinjer

Noregs Ungdomslag (NU) er tufta på eit frilyndt grunnsyn der vi har ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering. Dei etiske retningslinjene til NU er ei samanfatting av den etiske praktisen og reglane for å overhalde desse. 

Les dei etiske retningslinjene her!

Under punkt 2) Sette grenser vil du òg finne lenke til Retningslinjer for handtering av seksuelle overgrep, grenseoverskridande åtferd og trakassering i NU.

Styret vedtok òg å opprette eigne verneombod for Noregs Ungdomslag som medlemmar kan melde inn saker til som omhandlar seksuelle overgrep, grenseoverskridande åtferd og trakassering, og brot på HMT/HMS-regelverket. Verneomboda skal vere ein nøytral kontaktperson og kan bistå medlemmar i kontakta med sitt lokallag der dei føler dette er vanskeleg. 

Verneombod per 22.11.2020 er:
Bjørn Arve Moen, styremedlem 
Solveig Brekke Hauknes, kulturrådgjevar NU-kontoret