Ny leiar i Noregs Ungdomslag

Lauen har vakse opp i ungdomslagsrørsla og fekk sitt første verv tillitsverv i BUL Kristiansand som 14-åring.  Han har sidan hatt ulike verv og roller både på lokalt, regionalt og nasjonalt i organisasjonen. Lauen har vore styremedlem i Noregs Ungdomslag sidan 2016. 

– Å få leie denne frilyndte rørsla eg sjølv har vakse opp i og som har forma meg som menneske er ei stor ære. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene i året som kjem. Vi skal bli rausare, invitere fleire med oss inn i rørsla, og vi skal bygge nye ungdomsleiarar som skal ta NU inn i framtida, seier den nye leiaren.

Torbjørn Bergwitz Lauen tek over etter Mette Vårdal som har vore leiar i tre år.

Organisatorisk nestleiar Terje Svindseth (1969) frå Bygdelagssamskipnaden og styremedlem Tone Mjelde (1990) frå Hordaland Ungdomslag vart attvald for to nye år. Morten Nilsen frå Nordland Ungdomsfylking gav seg etter åtte år som styremedlem, og blir erstatta av Nina Byttingsmyr (1993) frå Aust-Agder Ungdomslag. Anette Figenschou (1983) frå Nordland Ungdomsfylking er valt inn for eit år på supplementsval.

Politisk nestleiar Marit N. Krogsæter (1992) frå Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag og styremedlem Kevin A. Theigmann (1994) frå Sør-Trøndelag Ungdomslag var ikkje på val.  

Styret har også fått tre nye vara: Mona Husby (1995) frå Inn-Trøndelag Ungdomssamlag , Maria Austbø (1984) frå Bygdelagssamskipnaden og Geir Såtvedt (1997) frå Telemark Ungdomslag.