Ny krisepakke for frivilligheita

Ny krisepakke for frivilligheita klar!

Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall som følge av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.

  • Krisepakken gjeld i perioden 12. mars til og med 31. august 2020.
  • Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.
  • Lag som har fått tildelt kompensasjon for arrangement tidlegare, kan søke på nytt for inntekt som ikkje var dekka under førre ordning.
  • Det samla inntektsbortfallet i perioden kan ikkje være mindre enn 25 000 kroner.
  • Søknadsfrist er 15. september.
     

Det kan søkast om kompensasjon for:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå annan spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet.

Det kan ikkje søkast om kompensasjon for:

  • Sponsor- og reklameinntekter
  • Pengegåver
  • Medlemsinntekter
  • Ordinære treningsavgifter
     

Send inn søknad 

Start søknadsprosessen ved å trykke på lenka under. Det kjem først 10 ja/nei- spørsmål, der du kan sjekke om de kan søke på ordninga. Dersom de kan søke kjem du vidare til sida med søknadsskjemaet. Les  gjerne òg spørsmål og svar om ordninga som de finn her! 

Merk! Det blir nytta nemninga "organisasjonen" i søknadsprosessen, dette er her i meininga laget/fylkeslaget.

START SØKNADSPROSESSEN HER! 


Treng de hjelp?

Ikkje alle på NU-kontoret har teke heilt ferie i juli, og du kan nå oss på telefon 24 14 11 10 og e-post post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no