NU om forslaget til Statsbudsjettet 2020

Etter at kulturmeldinga og frivilligheitsmeldinga kom i fjor, har frivillige kulturorganisasjonar som oss sett fram til korleis ambisjonane frå meldingane ville slå ut på neste statsbudsjett.  

Det er godt å sjå at regjeringa følgjer opptrappingsplanen om momskompensasjon i kapittel 315, post 70.Samtidig er vi nok ikkje dei einaste til å peike på at det står att vel 400 millionar før vi oppnår full kompensasjon. Det er ikkje lett å planlegge drift og aktivitetar når ein ikkje veit kva ein får att på tampen av året – det gjer ein med rettsfesta full kompensasjon. Og som de har høyrt så uendeleg mange gonger før: næringslivet slepp moms, og då burde rimelegvis dei frivillige organisasjonane gjere det same.  

  • Vi ber om full, rettsfesta meirverdiavgiftskompensasjon.

Vi vil også kommentere Post 82 Merverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.Det er flott at vi har ei slik ordning for idrettsbygg, men vi også må få på plass ei slik ordning for organisasjonseigde kulturbygg. 

Til dømes bidreg aktivitetar som amatørteater og folkedans til folkehelse og gode lokalsamfunn på lik linje med breiddeidretten, men lokallaga våre slit med å få lagt gode øvingsgolv og utforme lokala universelt. Vi ber berre om at dei lokallagseigde frivillig drivne ungdomshusa og grendehusa blir prioriterte på lik linje med klubbhusa til idretten. 

Vi jubla då regjeringa i plattforma si ønska å sjå på fordelinga av tippemidlar til kulturbygg og frivillig-eigde bygg, men fordelinga står stille med knappe 56 milionar versus nesten 1,5 millardartil lokale idrettsanlegg.

  • Vi ber om at det blir oppretta ei eiga ordning for momskompensasjon til frivillige organisasjonseigde hus.
  • Vi ber om at regjeringa følgjer sin eigen lovnad om å vurdere innretning og fordeling av tippenøkkelen til kulturbygg og frivillig-eigde bygg.

Noregs Ungdomslag ligg saman med Kulturalliansen på kapittel 325, post 78. Begge har fått ein minimal auke på ei allereie minimal tildeling. No skal vi ikkje klage på auke, men vi vil poengtere at det er viktig at veksten held fram for å stimulere arbeidet som vi begge gjer - blant anna for å betre vilkåra nettopp for dei lokallagseigde frivillig drivnekulturbygga. Regjeringa seier sjølv at dei ønskjer å styrke det frivillige kulturlivet, og då burde det vere openbart at ein god måte å gjere det på er å gje føreseielege rammer for arenaene kor kulturaktiviteten finn stad. 

Ein skulle kanskje tru at ein organisasjon som vår også stiller seg positiv til forslaget om potten på fem millionar til ei ny tilskotsordning for inkludering av barn og unge i spesielt det frivillige kulturlivet. Men nei, vi ønskjer ikkje nye tiltak og prosjektmidlar. Inkludering er kvardagen og målet for altvi gjer av aktivitetar som frivillig organisasjon. Vi opplever derfor øyremerka prosjektmidlar som nedlatande og av liten varig verdi. Etter kva som står i frivilligheitsmeldinga, har regjeringa forstått dette. Det er derfor overraskande for oss at statsbudsjettet då likevel lanserer den eine prosjektstøtteordninga etter den andre. Vi ønskjer anerkjenning for at det arbeidet vi gjer er viktig, og ønskjer oss heller ønskjer frie driftsmidlar for å betre hjelpe lokallaga våre og alt det positive dei allereie bidreg med. Når det er sagt, om ei slik støtteordning likevel skal etablerast, så legg ho for all del til LNU som kjenner feltet og ikkje til Kulturtanken.

  • Før nye prosjektstøtteordningar blir oppretta, bør myndigheitene følgje målsettinga frå frivilligheitsmeldinga om å vurdere om eksisterande ordningar bør vere prosjektbaserte eller gjerast om til driftsmidlar.

Det er fint ein endeleg har landa på ei ordning kor forvaltninga av midlane til amatørteater- og frivillige teaterformål i kapittel 323 har blitt lagt til Kulturrådet.  Vi håper Kulturrådet får tydelege retningslinjer på at midlane framleis skal gå til  demokratiske, nasjonale frivillige organisasjonar som driv med amatørteater, og då som frie driftsmidlar til sørvisleddet av organisasjonane som teaterlaga hentar hjelp ifrå. 

Så eit siste – viktig - innspel: vaksenopplæringsmidlane. Det er flott at myndigheitene no har landa på ei ordning om å dele midlane mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Men Noregs Ungdomslag, og hundrevis av andre organisasjonar og aktørar med oss, er så leie av å måtte krige mot kuttforslag i desse midlane kvart einaste år. Også i år vil regjeringa kutte ytterelgare 10 millionar frå ordninga. Det tappar oss for tid og ressursar og det tærer på motivasjonen. Vaksenopplæringsmidlane er ekstremt viktige for aktiviteten i lokallaga våre. Det er ikkje mykje ein får per kurs, men det er ei enkel og genial ordning som hjelper lokallaga med å skaffe materiell og instruktørar til ein sosial, uformell læringsarena som løfter enkeltindivida og lokalsamfunna dei er del av. Ver så snill, og ikkje kutt meir i studieforbunda sine tilskot no.

  • Vi ber om at kuttforslaget på 10 millionar frå studieforbundsordninga blir reversert.

Vi støttar elles Frivillighet Norge og Kulturallliansen sine innspel.

 

Les forslag for 2020-budsjettet til Kulturdepartementet her:  https://www.statsbudsjettet.no/upload/Statsbudsjett_2020/dokumenter/pdf/KUD.pdf