Nøgde deltakarar etter Sommarleiren

Det vart ein nedskalert men kjekk sommarleir for deltakarane på Sommarleiren 2022 på Trøndertun Folkehøgskole i Melhus.

I år var vi i NU-administrasjonen lenge spente på om det i det heile vart nokon sommarleir. Etter to år med korona og to avlyste leirar, var ikkje trykket på å melde seg på det same som det har vore tidlegare.

Det resulterte i at vi veka før leiren både dreiv intensiv rekruttering, samtidig som vi sjølve var usikre på om leiren i det heile vart noko av.

Men med heile ti påmeldingar frå Vatne Frilynde Ungdomslag, tre påmelde frå Mjeldalen UL, to frå Gjerpen Frilynde Ungdomslag og ein påmeld frå BUL Nidaros, vart det til saman nok deltakarar til at vi på NU-kontoret bestemte oss for å gjennomføre ein nedskalert leir, for å komme i gang med aktivitet etter koronatida.

Nøgde deltakarar

Det var det fleire som var glade for.

– Eg kjem definitivt tilbake neste år, seier Oline frå Vatne frilynde UL, som var med på hovudkurs i teater.

Ho fortel at det aller kjekkaste gjennom veka, var å snakke med folk som likte det same som ho sjølv, og at ho har fått mange nye venner. 

Aurora, som òg kom frå Vatne frilynde UL, fortel at ho kom for å lære Nordlandspols og andre dansar, og for å bli kjend med nye folk.

­– Det har vore kjekt! Eg har vorte kjend med mange, eg har lært meg mange dansar, og litt teater og litt impro – og hekling, fortel ho, før ho spring inn i salen for å vere med på ein mimeleik der ho skal gjette kva ein annan person mimar, før ho sjølv skal mime vidare til nestemann. 

Dyveke, som kom reisande frå Skien saman med venninna Jenny, vil også gjerne anbefale Sommarleiren for andre.

– Ja, eg ville anbefalt det. Det er veldig gøy, samtidig som du får mange fine, nye venner, seier ho.

Medan Oline gjekk på hovudkurs i teater, gjekk Dyveke og Jenny på hovudkurs i dans, der dei lærte både folkedans og swing.

Slo saman kursa

Da Sommarleiren hadde færre deltakarar enn ein vanleg leir, valde NU å avlyse kurset i friluftsliv, og halde berre to hovudkurs, for å ha nok deltakarar på kvart kurs.

Dei to danselærarane Tone Ingvaldsen og Eirik Michelsen var sporty og slo saman dei to dansekursa sine til eitt kurs, medan instruktør Gunhild Hjertaas gjennomførte teaterkurset som planlagd.

Leikar og sosialt

Gjennom dagane på leir, fekk ungdommane også vore med på mange leikar og sosialt om kveldane, med improvisasjon, dans, song og film. Det var improkappleik, hekleløp og "grip mikrofonen", for dei som veit kva dette inneber.  

Det vart også rom for ein tur til Øysand for å ta ein dukkert i sjøen! For nokre av dagane var det riktig varmt og godt ver.

Da vi skulle ha ei evaluering på heimreisedagen, var det også mange som gav uttrykk for at det var veldig kjekt med utflukt. Laurdag var nemleg heile gjengen med deltakarar med inn til Trondheim der dei fekk omvisning i Nidarosdomen, og det vart også rom for litt fritid.

Kjem tilbake neste år

– Så, kva vil de seie til folk som lurer på om dei skal bli med på sommarleir neste gong? spør vi Amelia, Julie Mathea og og Ane.

­– Det burde dei, svarer dei samstemt. 

Trioen er samde om at det har vore både veldig morosamt og lærerikt. Dei fortel at dei har møtt mange nye folk, gjort nye ting og lært seg dans og teater. 

– Vi har hatt mange leikar, fortel Julie Mathea.

Ane trekker fram at dei har lært å improvisere og å stå på scena framfor folk dei ikkje kjenner. 

– Det var litt spennande i starten- men så blir du meir van med det, og så blir du betre kjend med folk, og så er det ikkje så –

– skummelt likevel da, supplerer Amelia. 

– Trur de at de vil tilbake neste år?

– Ja, eg kjem neste år! seier Amelia. Ja eg òg seier Ane og Julie-Mathea i kor.