No kan du søke om å vere med på Nordring!

Nordring er eit inspirasjonskurs og ei kulturutveksling for ungdommar i alderen 18-25 år. Kurset rettar seg mot deg som vil fordjupe deg i nordiske folkedans-, og folkemusikktradisjonar i lag med jamaldra, dele dine eigne erfaringar og samtidig lære meir om dei andre nordiske tradisjonane. 6.-10.april 2023 blir Nordring arrangert i Danmark, og no kan dei som er i aldersgruppa søke om å vere med! 

Nordring blir arrangert året før NORDLEK-stemnet og går på rundgang mellom dei nordiske landa og sjølvstyrte områda i Nordlek-samarbeidet. No er det altså Danmark sin tur. Det er berre seks deltakarar, fire dansarar og to musikarar frå kvart land og sjølvstyrte område, som får delta. Så om du ønsker å vere med, er du velkommen til å søke innan fristen 20. desember! Søknadsskjemaet finn du her.

Her kan du kan lese meir detaljert informasjon om Nordring 2023.