No er Frifond organisasjonsboost open for søknader

Frifond organisasjonsboost er ei mellombels støtteordning, med midlar som skal gå til aktivitet og rekruttering etter koronapandemien. Ordninga er no open for søknader. Lokallag og fylkeslag kan søke. 

Her er informasjon om ordninga, men de kan òg gå inn på nettsida til LNU for å lese om ordninga og å finne søknadsportalen. https://www.lnu.no/stotteordninger/frifond-organisasjonsboost/

Laga opprettar sjølve brukar på stotteordninger.no. Laget må også opprette lokallaget som organisasjon, og skal ikkje knytast til vår organisasjon (sentralleddet / NU).

Laga kan få inntil 50 000 kroner til eit prosjekt frå ordninga. Om de samarbeidar med andre lag i same organisasjon, kan de søke om inntil 100 000 kroner. 

Mål om å auke rekruttering og aktivitet 

For å få støtte må aktiviteten:

Ha som mål å auke rekrutteringa og/eller aktiviteten i lokallaget eller fylket
Vere organisert av lokallaget, fylkeslaget eller regionleddet. Det kan ikkje vere sentralleddet i organisasjonen som har bestemt at aktiviteten skal gjennomførast.

Førstemann til mølla

LNU deler ut pengar til det blir tomt, så det kan difor lønne seg å vere tidleg ute.
Det er om lag 14 millionar kroner som skal delast ut i ordninga.

Om de har spørsmål om ordninga, kan de også ta kontakt med LNU direkte. Kontaktperson er Espen Aleksander Evjenth, organisasjonsrådgivar, Frifond organisasjon.

De kan nå han på 233 10 604 eller espen@lnu.no.

Lykke til med søknaden!