Nettmøte: Rekruttering og kontinuitet i barne- og ungdomsaktivitetar

Korleis kan vi arbeide med rekruttering til folkedansen? Korleis får vi born og unge til å bli verande i lokallaget? Korleis kan vi bygge gode, sosiale miljø samt gje faglege utfordringar til dei unge?  

Tysdag 23. mars kl. 19:30-20:30 vil Anette Figenschou frå Bodø dele av sin rikhaldige erfaring som instruktør og lærar om korleis ho har arbeidd med folkedans med born og ungdom. Anette er ein dyktig instruktør og eit erfarent organisasjonsmenneske som har vore sentral i arbeidet med og utviklinga av Ungdomsringen Salten, Bodø folkedanslag og BUL Bodø sidan 2002. Ho er lærar i barneskulen og har mykje erfaring med dans i skulen. Dei seinare åra har ho også vore med å utvikla Folkepedia og instruktørmodellen til NU.  

Les meir og meld deg på ved å trykke her.