Nettmøte om springleik 10. mai

Måndag 10. mai kl. 19:30-21:00 kan du få med deg ein spennande samtale om springleiken, med fokus på området Vågå og omegn. Det er Øyvind Sandum, Inga Myhr og Vegar Vårdal som vil leie oss gjennom tema denne kvelden. 

Korleis har dansen og musikken utvikla seg fram til i dag? Kva skilnader finn vi mellom ulike geografiske område, og ikkje minst kva skilnader finn vi frå einskilde dansarar? Korleis er springleiken i dagens samfunn, kva har kappleikar å seie for dagens dans? Finnast det ein fasit for riktig springleik? 
Dette blir ein spennande kveld der vi vil belyse ulike sider springleiken og opne opp for diskusjonar om dansen, musikken og tradisjonane. Vi ynskjer gjerne at du deler dine tankar med oss. Vi vil også trekke inn nokre filmopptakk av springleik før og no, og du kan gjerne kike litt på danseopptak som ligg tilgjengeleg på YouTube før sjølve nettmøtet.

Meld deg på her!