Nettmøte om "Rationelt Fjøsstell" med Olaug Nilssen

Onsdag 20. oktober kl. 18.30-19.30 inviterer vi til nettmøtet: "Gamalt blir til nytt - om å modernisere manus, med Olaug Nilssen". I samband med 125-års jubileet til NU, har Olaug Nilsen skrive ei modernisering av komedien "Rationelt Fjøsstell". Komedien er skrive av Hulda Garborg i 1896, same år som NU vart skipa. "Rationelt Fjøsstell" har hatt stor betyding for teaterarbeidet i NU, og er eit av dei stykka som har blitt sett opp flest gonger i Noreg. På nettmøtet vil Olaug Nilssen fortelje om arbeidet med nyskrivinga.

Møtet vert helde på den digitale plattforma Teams, og det blir sendt ut ei lenke på e-post 1 time før møtet tek til. Meld deg difor på i skjemaet under.

Ta kontakt med mona@ungdomslag.no ved spørsmål.