Nettmøte: Frå tom scene til full dekk - kva trengs?

Treng du tips til å tenkje nytt om korleis du kan skape scenografi, utnytte scenerommet eller bruke rekvisittar? Vil du vite meir om fornuftig ombruk og gjenbruk av ting og materiale, eller om korleis de i laget kan utnytte lokale ressursar? Kva treng ein eigentleg for å lage teater? Og må alt teater bli spelt på ei scene?

Bli med på nettmøte måndag 22. mars med tidlegare kulturrådgjevar i NU, no rekvisitør på Det Norske Teateret, Åshild Mjelde Nordås. Ho vil vise fram eksempel, dele idear til effektfulle måtar å tenkje scenerom, scenografi og bruk av rekvisittar på, snakke om korleis ein kan skape gode visuelle inntrykk på budsjett og ikkje minst svare på spørsmål frå dykk.

Les meir og meld deg på!