Nettmøte: Bli kjent med Folkepedia

Måndag 4.september kl.14.30 - 16.00 inviterer vi, i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal, og Stiftinga Viti, til nettmøte om Folkepedia

Folkepedia er ein nettressurs med undervisningsfilmar i folkedans- og musikk, spesielt retta mot barn og unge. Nettressursen er open for alle til å bruke. 

Anna Gjendem frå Folkemusikkarkivet vil dele av sine erfaringar, vise filmar og gi deg tips til korleis du kan bruke undervisningsfilmane i formidling av folkedans til barn og unge i barnehage, skule, på museum eller i frivillige lag. I tillegg vil kulturrådgjevarane ved NU-kontoret kome med informasjon om prosjektet og dele litt av planane for framtida. 

Møtet finn stad på Teams.

Møtelenke finn du her.

Velkomen!