Nasjonale smitteverntiltak

Regjeringa innfører frå torsdag 25. mars strengare nasjonale tiltak for heile landet:

  • Det blir forbodet med organiserte idretts- og fritidsaktivitetar innandørs for vaksne (frå 20 år). Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt.
  • Ha minst mogleg sosial kontakt og avlys alle planlagde arrangement. Om ikkje arrangementet kan bli utsatt gjeld desse reglane:

- Det er tillatt med 20 personar på arrangement innandørs kor alle sit på faste, tilviste sitteplassar.

- Det er tillat med 50 personar på arrangement utandørs.

  • Éin-meteren blir no til to-meteren. Bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogleg å halde avstand på to meter.

Men merk! Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Les oppdatert rettleiar for smittevern frå Frivilighet Norge her!