Minneord Dag Vårdal

Dag Vårdal (1946 - 2023)

Det var med sorg vi fekk vita at eitt av våre heidersmedlemmar, Dag Vårdal, gjekk bort torsdag 5.januar.

Dag vart utnemnd til heidersmedlem i NU i 2021. Heidersmedlemskapet fekk han for sitt mangeårige og viktige arbeid for folkedansen og folkemusikken både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. I heile sitt vaksne liv var Dag medlem av NU.

Hans engasjement og tilknyting til organisasjonen har vore stor og Dag la bak seg periodar som både tillitsvald, tilsett og instruktør i NU. Gjennom sitt virke som dansar, musikar, innsamlar, forfattar og forskar, har Dag vore ein viktig ressurs for folkedansen og folkemusikken i Noreg gjennom ei årrekke.

Hyggeleg møte før jul
Vi er særs takksame for at vi fekk besøk av Dag og sambuaren Torun på NU-kontoret like før jul, og at vi kunna ha nokre viktige og interessante samtalar om både NU-historia og folkedansen før og no. NU sett stor pris på alt arbeidet Dag la ned og for all kunnskapen han delte med andre.

Saman med FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans, har vi skrive eit minneord om Dag.
Heile minneordet kan du lese her.

Tildeling av heidersmedlemsskapet
I 2021 overraska leiar i NU, Torbjørn B. Lauen, Dag på døra med heidersmedlemskapet. Det heile vart filma og etter overraskinga hadde lagt seg tok sonen, Vegar, ein prat med faren om arbeidet med folkedansen og folkemusikken i NU. 
Filmen kan du sjå her