Meld deg på Kven Veit? 2023

I 2023 er verdsrommet tema for spørjetevlinga Kven Veit?

No er det mogleg å melde seg på! Har de enno ikkje mobilisert eit krut-sterkt kunnskapslag, så er det berre å hive seg rundt og mobilisere. 
Har de vinnarlaget klart, så er det berre å melde seg på! I denne runden som dei siste åra, er det open aldersgruppe, og ikkje delt opp i junior og senior.

Deltakaravgifta er kr 450 for kvar gruppe. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Frå og med fjerde gruppe, er deltakaravgifta på 300 kroner.

Studiehefte kan sendast digitalt eller fysisk. Om deltakarane ønsker å få heftet i papirversjon, kostar det kr 80 per hefte. Digital versjon er gratis, og vert sendt som pdf-fil.

Trykk her for å gå til påmeldingsskjemaet 

For å lese meir om Kven Veit? 2023, kan du gå hit

Påmeldingsfristen er søndag 15. januar, da studieheftet går i trykken dagen etter.