Lovendringsframlegg frå styret

Styret i Noregs Ungdomslag ønskjer å legge fram to lovendringsframlegg på landsmøtet 22.-24. april 2022 som gjeld §9 Målbruk og §10 Rusgifter. 

I § 14 Lovendringar står det:

§ 14 Lovendring
Lovendringsframlegg må vere sendt styret seinast 8 veker før landsmøtet. Sjølve lovframlegget må kunngjerast minst éin månad før landsmøtet. Ei lovendring krev 2/3 fleirtal.

Endringsframlegg frå medlemmar, lokallag og fylkeslag må difor vere sendt styret seinast 25. februar, og lovframlegga må kunngjerast seinast 22. mars.

Styret opnar òg for å kome med generelle innspel og tankar kring framlegga til lovendringar med frist seinast 25. februar.

Med bakgrunn i debattane som vil gå fram mot landsmøtet, og i dei innspela som måtte kome kan det endeleg lovendringsframlegget sjå noko annleis ut.

Les heile framlegget til endring her.