Lokal jubileumsfeiring søk innan 1. juni

Som ein del av markeringa av at Noregs Ungdomslag fyller 125 år i 2021 ønskjer vi å oppmode lokallag til å arrangere jubileumsfeiringar. Lokallag kan søkje om tilskot på mellom 2.000,- og 20.000,- til sitt arrangement. Arbeidsutvalet vil behandle alle innkomne søknadar etter fristen og lokallaga vil så få beskjed om kven som får tilskot. 

Tilskot vil bli utbetalt etter gjennomført jubileumsfeiring. Viss eit lag ikkje har moglegheit til å gjennomføre arrangementet utan utbetaling av tilskot, kan dei søkje om å få dette utbetalt på førehand. Nærmare informasjon om dette kjem i eventuelt tilsagnsbrev. 
 

Kriterium for arrangementet:

- Ope for alle medlemmar i laget

- Minimum 10 deltakarar

- Bli gjennomført mellom 1.august og 1.desember 2021

- Skal spegle aktivitet i laget

- Tilskot skal gå til jubileumsarrangement

- Arrangementet må bli dokumentert ved film og/eller foto

Søknadsfrist: 1. juni (utsatt frå 1. mai)

Fyll ut skjemaet som det er lenka til under og returner saman med budsjett til post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no innan fristen. Merk e-posten med «søknad jubileumsfeiring».

LAST NED SØKNADSSKJEMA (Wordfil)