Leverte høyringsinnspel

1.februar var høyringsfrist for innspel til regjeringa sitt arbeid med ein strategi som skal løfte lokalt og regionalt kulturliv. Strategien skal sjå heilskapleg på moglegheiter og utfordringar for det frivillige kulturlivet. Same dag var det frist for å kome med innspel til Kulturmiljølovutvalet. Dette utvalet skal lage eit forslag til ny kulturmiljølov og levere dette innan 1.september 2024.

Prioriteringar innan kulturfrivilligheita

I desember deltok kulturrådgivar Christoffer Knagenhjelm og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum på eit innspelsmøte om temaet "Kulturfrivillighetens tilgang til egnede lokaler og møteplasser", der dei sette fokus på dei organisasjonseigde husa. Etter innspelsmøtet har NU jobba fram eit utfyllande innspel til strategien der vi løftar fram våre prioriteringar;

1) Det frivillige kulturlivet må styrkast for å nå måla om deltaking for alle, likestilling og mangfald, og meir kunst-og kulturaktivitet lokalt og regionalt.Gjennomfør kulturløftet med 1 prosent av statsbudsjettet.

2) Organisasjonseigde kulturbygg treng eit løftog styrking av tilskotsordningafor å taatt ettersleppå vedlikehaldog gjere bygga meir tenelege for dagens bruk og krav til tilgjengelegheit.

3) Støtteordningarmå vere rettferdige, forutsigbare og enkle.Bygg på dei eksisterande støtteordningane og styrk desseframfor å skape nye.

4)Eventuelle regionalekulturfond må komme i tillegg tileksistererade støtteordningar, og vere så enkle at midlane går tilkulturformål framfor administrasjon.

Huset i Bygda som modell

Hovudtemaet for innspelsmøtet i desember var å sikre tilgang på gode lokale og det er sjølvsagt for NU å løfte fram prosjektet Huset i Bygda i innspelet til den nye strategien for kulturfrivililgheit.

Huset i Bygda inkluderer alle former for organisasjonseigde kulturhus og har som mål å bidra til å skape meir attraktive hus og meir kompetente huseigarar. Huset i Bygda sitt på verdifull erfaring og kompetanse som vi meiner bør bli brukt for å lage ein modell for korleis drifte og vedlikehalde organisasjonseigde kulturhus. NU meiner at kommunar og fylke i større grad må inkludere dei organisasjonseigde husa i deira planar. Det trengst òg ei målbevisst satsing på dei organisasjonseigde husa for at ikkje det økonomiske etterslepet skal auke enda meir i åra som kjem. 

Sikring av den immaterielle kulturarven

Mandatet til Kulturmijlølovutvalet er å lage forslag til ein ny kulturmiljølov som skal erstatte Lov om kulturminner (1978). I fleire miljø har det blitt ytra eit sterkt ønske om at den immaterielle kulturarven skal få plass og bli løfta fram i ein ny kulturmiljølov. 

Mellom anna Norsk Handverksinstitutt har ytra bekymring for at ikkje alle former for immateriell kulturarv kan bli omfatta av den nye lova. Dette er eit syn som NU stør opp om og vi peikar på at den immaterielle kulturarven har eit like stort krav til vern som den materielle. 

Her kan du lese meir om arbeidet med strategi for kulturfrivilligheit på regjeringa sine nettsider.

Her kan du lese meir om Kulturmiljølovutvalet sitt arbeid.

NU sitt innspel til strategi for kulturfrivilligheit finn du her.

Innspelet til ny kulturmiljølov finn du her.