Landsmøtet blir sendt direkte på nett

Landsmøtet i helga blir filma og sendt på nett via vår youtube-kanal, og de kan difor følge med på møtet sjølv om de ikkje har hatt høve til å reise til Oslo denne helga.

Vi har gjort avtale med ein dyktig gjeng med IKT- og mediefagelevar ved Nannestad vidaregåande om å strøyme landsmøtet. Gjennom medielinja har dei ei eiga elevbedrift der dei både tek på seg oppdrag med filming, dokumentasjon, marknadsføring og strøyming. 

Lenke til direktesendinga på laurdag finn du her

Lenke til direktesendinga på søndag finn du her